Gjennom å utforska kunstfaglege teknikkar ved sida av linjer, former og fargar i dyrebilete og M.u.M. sitt arbeid, har borna bearbeidd det heile til sine heilt personlege kunstnarlege uttrykk.

Gatekunstprosjekt i Os barnehage

Å utfalda seg kunstnarleg er ikkje ukjend for borna i Os barnehage. Men der borna tidlegare har hatt store prosjekt rundt mellom anna sjølvportrett og rosemåling, er det ein heilt spesiell disiplin som ligg bak årets prosjekt: Gatekunst.

Ein tropp med femårige kroppar står i kulissene og trippar, sitrande av forventningar, medan styrar Elisabeth Norstrand på Torget i Os barnehage ønskjer foreldre og gjestar velkomne til den store utstillingsopninga av Os barnehage sitt årlege kunstprosjekt. Det mangeårige prosjektet har denne omgangen nådd høgdepunktet, og dei forventningsfulle borna er no klare for å få synga fram fruktene av sine djupdykk i gatekunst.

Utgangspunktet er verka til den bergensbaserte, chilenske gatekunstnaren M.u.M., kjend for sine gigantiske og farkesprakande veggmåleri frå mellom anna «The Mother» i Lars Hillesgate, og «A Norwegian Troll» som dekkar ein heil fasade i Kong Oscarsgate. Også̊ Os barnehage har eit autentisk M.u.M.verk på veggen; i januar avduka Norstrand ein uttrykksfull sommarfugl av M.u.M. inne i barnehagen for barnehagebarn og Os & Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnlaget for årets kunstprosjekt

Og det var dette samarbeidet som fødde årets kunstprosjekt. Det heilt særeigne uttrykket i verka til M.u.M. gjer han særleg spennande å utforska saman med små born, prega som dei er av ein enorm detaljrikdom og sprakande fargar som innbyr til undring og eksperimentering. Det organiske og naturinspirerte i verka hans gjev og grobotn for barnehagen sitt tradisjonelle arbeid med naturfokus, særleg om våren, og dannar slik ei fin tverrfagleg ramme i det pedagogiske. Difor har og undersøking av nettopp naturen sine eigne uttrykk, i form av dyr som rev, ulv, bier og svanar, tent til inspirasjon i prosjektet.

Gjennom å utforska kunstfaglege teknikkar ved sida av linjer, former og fargar i dyrebilete og M.u.M. sitt arbeid, har borna bearbeidd det heile til sine heilt personlege kunstnarlege uttrykk. Alt med støtte og rettleiing frå kunstnar og barnehagetilsett Vicky Georgina Bøe, som saman med Kristine Hatlelid og Unni Moe har vore ansvarleg for prosjektet. Saman har dei gjort ein kjempeinnsats for å formidla gleda og moglegheitene ved kunstnarleg utfalding til barna i Os barnehage.

Den kunstnariske prosessen

Vicky har si kunstutdanning frå prestisjeuniversitetet Middlesex University, og har leia barna gjennom det faglege og visuelle. Kristine og Unni leia arbeidet med det flotte kunsprosjektet Osrosa i Os barnehage i fjor, og trioen har jobba både ein til ein og i små i grupper med borna for å gje dei heilt unike høve til å̊utforska tema og teknikkar som elles ikkje er mogleg i ein travel barnehagekvardag.

Gjennom prosjektet har borna arbeidd med mellom anna prosessar med akrylmaling og kolstiftar, men også sine eigne, personlege sjablongar, for å utforska teknikkar slik som mellom anna grafittikunstnarane Banksy og bergenske DOLK brukar.

For å gjenskapa det store formatet og forholda M.u.M. opererer med, tok borna kunstarbeidet utandørs, og arbeidde på̊store lerret med barnevenlege spruteflasker, som gjorde nytta der ein grafittikunstnar hadde brukt sprayboks.

Høgtideleg avduking

Tilbake på avdukinga er no tida komen for dei unge kunstnarane sin innkomst. På rank rekke trer dei inn framfor foreldra, og med klare og sjølvsikre røyster stemmer dei i i songane “Skal vi være venner” og “Song til Os”. Lise Renee Aase framfører ein personleg, eigenkomponert song til barnehagen, ei sterk oppleving som rører store og små.

Som i ein amerikansk graduation-seremoni får borna plass på stolar foran publikum, medan Vicky fortel om prosjektet. Ho let barna bidra med å forklara både teknikkar og funksjonar, som i ein dialog. Det er andektig stemning i rommet. Det funklar i foreldreauge, og små kunstnarkroppar kan nesten fly. Og ein særskild gjest er kanskje den mest oppspilte: Kunstnaren M.u.M. er nemleg til stades, invitert som heidersgjest for å opna utstillinga, og han er tydeleg prega av å få vera gjenstand for så mykje tankar og tolking. Det er endå meir tydeleg etter opninga, for M.u.M. grip umiddelbart sjansen til å la seg dra med etter handa av oppglødde born som trippar etter å få visa fram sitt eige arbeid.

Kunstnaren hukar seg umiddelbart ned på borna sine nivå, og har god tid til å undra seg over kvart bilete saman med barna. Og akkurat dette spontane samspelet mellom den vaksne, utanlandske gatekunstnaren med begrensa norsk, og barnekunstnarane på fem og seks år, denne felles verda dei no trer inn i, med barneaugets utforskande natur og det som ikkje kan beskrivast som anna enn fagleg dialog, det må vera sjølve høgdepunktet av prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunstgleda lever i Os barnehage.

Os barnehage