Det var ein glad gjeng med julemarknadsarrangørar som fortalde media i Os om planane for årets arrangement. Frå venstre - William Lindborg, Kjetil Osablod Grønvigh, Øyvind Gjerde, Kristin Vangsnes Bøe, Stine Kobbeltvedt, Gro Helen B. Skjælaaen og Christian Breistein.
Det var ein glad gjeng med julemarknadsarrangørar som fortalde media i Os om planane for årets arrangement. Frå venstre - William Lindborg, Kjetil Osablod Grønvigh, Øyvind Gjerde, Kristin Vangsnes Bøe, Stine Kobbeltvedt, Gro Helen B. Skjælaaen og Christian Breistein.

Gåvmilde julemarknadsarrangørar

Meir tid til nissen, fleire konsertar og større marknad. Alt tyder på at årets julemarknad i Os vert verd å få med seg.

Det har vakse seg større og større for kvart år, julemarknaden i Os. I år er det lagt til laurdag 9. og søndag 10. desember. Begge dagane blir det mykje underhaldning, sjåverdigheiter og noko å bita i.

– Jaudå, me kan nok slå fast at årets arrangement blir det største me har hatt av dette slaget dei siste åra, slår kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osblod Grønvigh fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir tid med nissen

Onsdag ettermiddag inviterte Os Sentrumsforening, Os kommune og Os Kyrkjelyd til pressetreff i Borgstova bak prestebustaden i Os sentrum. Plassen var ikkje tileldig utvald.

– Grunnen til at me har invitert dykk nettopp her, er at nissetreffet her i Borgstova har vist seg å vera blant dei mest populære innslaga me har hatt under marknadsdagane dei siste åra. Me har undersøkt blant innbyggjarane i Os og fått eintydige svar. Nisse-treffet må prioriterast, fortel leiar i sentrumsforeingen, William Lindborg.

– Som sagt, så gjort. I år utvidar me nisse-treff-tida her monaleg. Heilt konkret kan borna få møta nissen og kona hans heile laurdagen og søndag ettermiddag, konstaterer kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt.

Stine og Gro lovar borna både nissetreff, lydar, musikk og spenning om dei kjem på vitjing i Borgstova under julemarknaden.
Stine og Gro lovar borna både nissetreff, lydar, musikk og spenning om dei kjem på vitjing i Borgstova under julemarknaden.

Fleire musikalske innslag

Som resultat av det breie samarbeidet vert altså årets program meir rikhaldeg, og aktivitetstilboda vil vera å finna fleire stader på Øyro denne helga.

– Laurdagen har Oselvarverkstaden ope hus. Der er det berre å stikka hovudet innom for å sjå korleis dei har det. På sjølve Øyro blir det stor marknad med fleire telt, bodsal og noko å bita i for store og små, fortel Lindborg.

I Tunet vert det også mykje som skjer.

– Laurdagen vil me ha julegåveverkstad i Tunet. I tillegg vil Speidaren setja opp lavvo og ha høgtlesning frå juleevangeliet, medan Kyriake-koret vårt vil farta rundt og kora i sentrum, fortel Gro Helen B. Skjælaaen i Os kyrkjelyd.

Kjetil Osableod Grønvigh får ansvaret for å dirigera dei musikalske innslaga i sentrum, ikkje musikalsk, men i høve til retning og plassering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal jo også ha Lyshornet Brass med oss. Mi oppgåve blir å syta for at dei som underheld med musikalske innslag ikkje kjem i vegen for kvarandre, sånn musikalsk sett, seier Grønvigh.

Elevkonsert i Tunet

Rektor ved Os kulturskule, Christian Breisten, lovar at hans elevar også skal gjera sitt for at helga i Os skal bli fullkomen.

– Me har fått høve til å nytta Tunet-salen og inviterer til full konsert med våre elevar søndag føremiddag. Totalt kjem ein plass mellom 50 og 70 elevar til å visa sine kunster på scenen denne dagen. Dessutan vil elevane våre frå visuelle kunstfag stilla ut kunst i og rundt Tveiten-lokala i sentrum heile helga, fortel Breivik.

Det blir også invitert til å byggja peparkakebygd.

– Årets peparkakebygd skal stå i Tvedten sine lokale vendt mot Bydraget. Me har alt invitert barnehagar og skular i Os og Fusa, men om andre vil bidra, er dei hjarteleg velkomne, seier Lindborg.

– De har invitert fusingane og, altså?

– Ja, me skal jo slå oss saman med dei om kort tid. No venter me berre spent på om dei lagar peparkake-ferje eller peparkake-bru, humrar Grønvigh.

Fakkeltog 1. desember

Ein forsmak på julemarknad-stemninga vert det fredag 1. desember. Då vert det tradisjonen tru fakkeltog gjennom sentrum og korsong og tenning av juletreet på torget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var mange som sette pris på skeisebanen som me lanserte på Telthusplasse i fjor jul. I år kjem den i hukket mellom Asia mat og Tvedten-lokala, fortel Grønvigh.

Nytt av året er at fakkeltoget går frå Oseana.

– Me startar med peparkakar og gløgg utanfor Oseana. Me gler oss veldig til å sjå toget på veg ned bakken frå kulturhuset. Det trur me blir vakkert, seier Lindborg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no