Nornekoret har songglede i bøtter og spann.
Nornekoret har songglede i bøtter og spann.

Girl power frå Nornekoret

Ikkje berre var Nornekorets konsert i Oseana-foajeen torsdag ei veritabel lykkepille. Damene demonstrerte også ein solid dose girl power.

Det seks år gamle damekoret med base på Nore Neset tok steget inn i Oseana for fyrste gong. Rett nok heldt dei seg i foajeen, men til gjengjeld selde dei ut nesten alle dei 150 billettane.

Den raude tråden frå opningsnummeret «All about that bass» til avsluttande «Roar», var girl power. Anten det handla om fridomen ved å vera formfull i staden for syltynn, eller å finna si eiga stemme og stå opp for seg sjølv med eit brøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hitparade

- Dei har så gøye songar, kommenterte ein begeistra publikumar. Og dirigent June Strønen skal ha ros for å ha sett saman det ho sjølv kallar "ein hitparade frå dei siste fem åra".

Ikkje alle låtane fungerte like bra som korsong. Til dømes sat ikkje artikuleringa av engelsk tekst like godt alle stader. Og ein kul låt som Lordes «Royals», vart delvis skjemma av ei knipsing som aldri heilt fann rytmen.

Bagatellar

Men dette er bagatellar i det store og heile. Nornekoret osar av songglede. På låt nummer tre, Maroon 5s «Sugar», har dei vorte verkeleg varme i trøya. Kordamene lever seg inn i songen, svingar på hoftene og smiler breitt. Klart det smittar!

Solist Marita Strønen utmerka seg på fleire låtar.
Solist Marita Strønen utmerka seg på fleire låtar.
Ingen suksess utan eit stødig band i ryggen.
Ingen suksess utan eit stødig band i ryggen.
Dirigent June Strønen var sliten, men glad etter konserten. - Eg er så stolt av dette koret.
Dirigent June Strønen var sliten, men glad etter konserten. - Eg er så stolt av dette koret.

Cathrine Haugland covrar Ellie Gouldings monsterhit «Love me like you do» med stor bravur. Endå ein sterk "damelåt" som tydeleg treffer det, i hovudsak, kvinnelege publikumet heime.

Blomstrande kormiljø

Også Funs «Some nights» landar trygt på beina. Solist Marita Strønen gjer som vanleg ein kjempejobb og kormedlem Siv Anne Skogen får sjarmpoeng for å ta trommestikkene fatt mot slutten av låta. Gøy!

Kormiljøet i Os ser ut til å vera inne i ei verkeleg blomstringstid, og Nornekoret er så visst med på notane. Dei kan trygt ta steget inn i storsalen neste gong!