Vi rundt svingen: Arrangørane håpar på snø og juleidyll i år også.

Gjentek suksessen: «Vi rundt svingen» gjer klart for nytt storinnrykk

I fjor samla dei over 200.

— Vêrvarslinga melder om mogleg snøfall, så dette kan bli veldig idyllisk, seier Kent Eivind Storum.

Han er med i arrangørkomiteen for utekinoen på Halhjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me starta i 2018, men hadde eit opphald grunna pandemien. Dette blir fjerde gong «Vi rundt svingen» i Halhjemsmarka inviterer, fortel Storum.

Takk vere mange frivillige og hyggjelege bidrag frå sponsorar, er arrangementet søndag gratis.

— Alle er velkomne. I fjor samla me godt over 200 born og foreldre, og me gjer plass til så mange som mogleg, seier Storum.

Inntektene går til «Hjartetre»-prosjektet

Undervegs vert det sal av godis. Inntektene går uavkorta til eit godt føremål.

— Tidlegare år har me støtta «Julekorg»-prosjektet og liknande innsamlingar. I år går pengane til frivilligsentralane sitt «Hjartetre»-prosjekt.

På plakaten står teiknefilmversjonen av «Grinchen». Denne vert vist på eit fem gonger seks meter stort lerret.

— Me set ut dei stolane me har, men det kan vera eit tips å ta med seg sitjeunderlag eller ein klapp-stol. Forhåpentlegvis er det mange som kjem og då kan det verta manko på stolar, seier Storum.

Same kveld skal også julegata i nabolaget opnast.