Rockebandet i aksjon
Rockebandet i aksjon

«Hæla i taket» i Eikelandsosen

Torsdag 22. februar arrangerte Lions Fusa rockekonsert for folk med nedsett funksjonsevne. Med på laget var lionsklubbane i Os, Sam- nanger og Norheimsund.

Det vart ein kjempefest, der Fusa rockeklubb stilte med to band og Os Swingklubb fekk nesten alle med på golvet. Hovudsponsor var Fusa kraftlag

Godt oppmøte og stor danseglede

Det vart omtrent full sal med gjester som trong høveleg danseplass, og det rykte godt i om lag 260 danseføter. Mange av dei var i full aktivitet på golvet, spesielt då Os swingklubb baud opp til dans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen til at swingklubben tok turen over fjorden var at dei brukar invitera denne målgruppa til torsdagsdans, og då vart løysinga å ta heile gjengen med – alle eller ingen.

Undervegs i arrangementet vart det pause med servering av pølser og brus, sjokoladekake og kaffe. For som kjent går det dårleg med heltane utan mat og drikke.

Reprise i større omfang

Lions i Fusa arrangerte slik rockekonsert for første gongen i fjor, men då i mindre og berre lokal målestokk. I år var konserten eit såkalla «soneprosjekt» der dei næraste lionsklubbane vart inviterte med, noko dei sa ja til. Soneleiar Knut Bjørnås (Samnanger) var så nøgd at han gav nestleiar i LC Fusa, Bodil Nielsen, roser etterpå.

Soneleiar Knut Bjørnås (Samnanger) var så nøgd at han gav nestleiar Bodil Nilsen i LC Fusa blomar for innsatsen. Bak står ein blid deltakar.
Soneleiar Knut Bjørnås (Samnanger) var så nøgd at han gav nestleiar Bodil Nilsen i LC Fusa blomar for innsatsen. Bak står ein blid deltakar.
Det vart omtrent full sal med gjester som trong høveleg danseplass framføre scenen.
Det vart omtrent full sal med gjester som trong høveleg danseplass framføre scenen.

Ja, sa også Fusa rockeklubb, og stilte opp med både utstyr, instrument og entusiasme. Og publikum var med i høgste grad, det synte både danseføter, rørsler og smil. Fleire av lionsmedlemene fekk også testa danseforma.

- Vi synest det er utruleg kjekt å spela for desse ungdommane, seier Håvard Grøndal Skåtun, leiar i Fusa rockeklubb.

- Dei elskar musikk og likar å dansa, så det er eit svært godt publikum. På ein pub-jobb er folk mest opptekne av å prata med kvarandre og ikkje lytta til musikken, så då er det av og til godt å spela for nokon som set pris på og er merksame på det vi framfører.

Os Swingklubb

Denne danseglade gjengen er ei soge for seg, og starta opp for 25 år sidan - mest for det sosiale, i følgje eige utsegn. Klubben har likevel hausta heider og ære opp gjennom åra og to av medlemene fekk gull i NM i 2005. Aktiviteten er omfattande ettersom dei både arrangerer kurs og spreier glede, og at dans er bra for helsa er det ingen tvil om.

Synnøve Lien

Fusa Lions