Georg Jørgensen, Arne Mæland og Randi Hjertaas er supernøgd med å få Trygve Andersen til Os. Frå og med neste onsdag stiller han ut ei rekkje av sin bilete i Voghallen.
Georg Jørgensen, Arne Mæland og Randi Hjertaas er supernøgd med å få Trygve Andersen til Os. Frå og med neste onsdag stiller han ut ei rekkje av sin bilete i Voghallen.

Hanka inn utanlandsutstillar til Os

Bergensaren Trygve Amundsen er blitt ein etterspurd biletkunstnar dei siste åra. I november stiller han ut i Vognhallen.

Bergensaren jobba som illustratør, grafikar, designer og reklamemann i ei årrekkje før han for fem-seks år sidan førtidspensjonerte seg og regel rett kasta seg ut i biledkunstverda.

– Eg hadde hatt lyst til å måla i årevis, men av ulike grunnar kom eg aldri i gang med det. Det første måleriet måla eg i 2003, men først nær ti år etter kom eg for alvor i gang med produksjonen, fortel 65-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fall for originaliteten

At kunsten hans no blir å finna i Vognhallen i Os, er meir eller mindre ltilfeldig.

– Eg har eit lite galleri i Bergen, der var Georg Jørgensen og kona Bjørg innom for ei tid tilbake. Dei vart så begeistra at dei fekk med seg fleire frå Os Kulturutvikling.

– Me var vel nedom heile gjengen, og me vart imponerte over arbeidet hans alle saman, fortel Arne Mæland.

Trygve Amundsen kallar bileta sine semiabstrakt. Til Os tek han med seg 25-30 bilete.
Trygve Amundsen kallar bileta sine semiabstrakt. Til Os tek han med seg 25-30 bilete.
Trygve Amundsen synes lokalet i Vognhallen er fantastisk flott.
Trygve Amundsen synes lokalet i Vognhallen er fantastisk flott.

– Eg opplevde verkeleg at dei ville ha meg opp her. Det er kjekt når ein ser at ein begeistrar, seier Amundsen.

Han trekkjer også fram Randi Hjertaas.

– Ho er ein sann pådrivar som får ting til å skje. Det er inspirerande å samarbeida med gjengen her oppe. Eg gler meg, seier Amundsen.

Semiabstrakte bilete

Utstillinga hans opnar neste onsdag (3. november) og varar til og med 18. same månad.

– Eg er veldig begeistra for lokala her i Vognhallen. Det må vera blant dei finaste på Vestlandet. Heilt ope og store fine vindauge med utsikt mot fjorden, seier Amundsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mange bilete tek du med deg opp hit?

– Det blir vel 25-30 stykk. Bileta mine er store, men me skal nok få det til.

– Du måler abstrakte bilete?

– Ja, eller semiabstrakte. Eg har alltid vore oppteken av farge- og fargekombinasjonar, former og liner. Elles synest eg abstrakte bilete har lengre levetid enn til dømes naturbilete, seier han.

Satsa internasjonalt

I 2013 vart Trygve teke inn i NFUK-foreininga (Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere). Likevel har han slite med å få bileta sine inn på større galleri.

– Det er dei skulerte som får plass der. I mangelen av andre tilbod byrja eg difor å reisa utanlands. Etter kvart har eg gjort det i stor stil, smiler 65-åringen.

Nyleg var han i Taiwan. I tillegg har han stilt ut bileta i New York, Amsterdam, Rotterdam, Roma, Bolognia og ei rekkje andre store byar.

– Eg har fått eit stort kontaktnett og blir godt motteke overalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og trass i dette, så rekk du å stilla ut i Os?

– Ja, dette må ein ta seg tid til. Det er ei ære at Os Kulturutvikling vil ha meg opp her, så dette gler eg meg til.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no