- Oi, kva er det eg har gjort no, stotrar Thomas Helgesen. Lyngbø og eg vert lansert samstundes og eg skal i elden før han. No får eg i alle høve vita korleis det er å hoppa FØR Wirkola.
- Oi, kva er det eg har gjort no, stotrar Thomas Helgesen. Lyngbø og eg vert lansert samstundes og eg skal i elden før han. No får eg i alle høve vita korleis det er å hoppa FØR Wirkola.

Helgesen tek steget til den store scenen

- Når Morten Ramm klarte å fylla Spektrum, kan kanskje Helgesen fylla Oseana, ler Thomas Helgesen.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i 2011 at TV-humoristen Ramm annonserte sitt hårete mål om å klare å fylla Oslo Spektrum for ein kveld. Thomas Helgesens mål er noko meir edrueleg, men så er jo ikkje den høgreiste revyskribenten frå Nore Neset like kjent som Ramm heller.

- Eg har lenge hatt ein draum om å ta lokal-humoren til scenen i Oseana. No gjer eg eit forsøk. Om ikkje me sel ut alle 500 billettane, så skal eg i alle høve gjera mitt for at dei som finn vegen får sjå eit bra show, seier Helgesen.

- Det er modig gjort dette. Kva var det som fekk deg til å ta sjansen..

Berit Steen trur lokal stand-up-humor vil slå an i Oseana. Thomas Helgesen er booka til 21. oktober.
Berit Steen trur lokal stand-up-humor vil slå an i Oseana. Thomas Helgesen er booka til 21. oktober.

- Hehe, eg fylte 40 år her om dagen. Kanskje er dette stuntet resultat av ei slags 40-årskrise. Eg veit ikkje. Eg berre bestemte meg, gjekk til Oseana og sa at eg ville laga eit show, ler Helgesen.

Står opp for bygda

Lokal humor er viktig. Nokon må stå opp for saka. Thomas tek altså jobben på bygdas største scene.

- Dei siste åra har eg gjort ein del stand-up i Os og andre stader. Erfaringa så langt er at eg ikkje har gjort meg bort. Kanskje har eg noko på storscenen i Oseana å gjera. Einaste måten å finna det ut på er å prøva, seier han smålåtent.

Heilt sidan Oseana vart reist har to-meteren hatt mål om på eitt eller anna vis å ta lokalhumoren med til bygdas verkelege storscene.

- Me har gjort mykje kjekt i Symrasalen på Nore Neset, men eg har heile vegen drøymd om å gjera noko i Oseana. Tidlegare har eg mest tenkt på å gjera noko i lag med revy-gruppa eller liknande. No blir det åleine. Det blir jo noko nifst, men også - forhåpentlegvis - veldig moro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen veg tilbake

Datoen er settla til 21. oktober. No er det ingen veg tilbake.

- Eg veit ikkje kva som gjekk av meg då eg stakk oppom kontoret til Berit Steen. Det var på mange måtar ei impulshandling, men likevel noko eg har tenkt på i årevis. Heldigvis var ho ikkje avvisande. Tvert i mot var ho verkeleg imøtekomande og positiv, seier Thomas.

Han kjente godt på tanken om at "no var det ingen veg tilbake" etter at avtalen var i boks.

- Det var like før eg måtte heim å ta noko beroligande, ler han.

- Eg har høyrt mykje positivt om Thomas og er glad for initiativet hans. Me har alltid hatt ønske om å støtta oppom lokale talent. No gler me oss til å presentera ein god, lokal stand-up'ar, kvitterer arrangementssjef i Oseana, Berit Steen.

«2MeterTulling»

Haustens onemanshow på Oseana er på langt nær ferdig utarbeidd, men tittelen er i alle høve meisla ut.

- Showet skal rett og slett heita «2MeterTulling». Grunnen til det er at eg er to meter og ja, at eg likar å tulla med det meste, humrar Thomas.

- Eg brukar humor kvar dag. I alle situasjonar. Gode som vonde. Humor er vårt viktigaste hjelpemiddel til ikkje å ta alt så alvorleg, seier Thomas ettertenksamt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som amatør har han lang erfaring med å driva med humor. Frå den spede starten med studentrevyen i Sogndal i 1998 (saman med underteikna) til to heilaftans revyar i Florø, før han for alvor vart ein av dei største drivkreftene i Nor og Né-revyen på Nore Neset i 2006.

- På Nore Neset har eg vore med og skrive ni revyar. Erfaringa kan koma godt med, men det å gjera eit heilt stand-up-show er likevel noko ganske anna, minner 40-åringen om.

- Vågar du å vera meir personleg?

- Det blir eg fint nøydd til. Å vera stand-up'ar er jo å by på seg sjølv i all slags forstand.

- Men skråblikk på lokalsamfunnet i Os vert det vel også rikelege dosar av?

- Ja, det er klart. Eg er jo ein observatør som liker å kommentera det eg ser og opplever. Det er nok å gripa fatt i frå bygda vår. Meir enn nok, konstaterer han.

Vert lansert i lag med førebilete

Då Os og Fusaposten og Thomas møtte Berit Steen torsdag, var arrangementssjefen klar på at billettsalet for «2MeterTulling» burde starta same dag denne saka vart sleppt. Tilfeldigvis vert billettane til ein annan - årsak, Thomas - meir kjent stand-up-ar, sleppt same dag (sjå eiga sak).

- Dagfinn Lyngbø kjem med «Supersmud»-framsyninga si til Oseana i desember. Det billettsalet startar me laurdag. Då passar det fint å også starta ditt, flirer Steen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det er godt du ikkje gjer dette verre for meg, seier Helgesen ironisk.

- Helgesen og Lyngbø-salet startar same dag. Eg håpar billettsalet den dagen ikkje vert offentleggjort. Den sjølvtillitsbremsen treng eg ikkje nett no, ler Thomas.

- Dagfinn Lyngø er eit av førbileta dine?

- Dagfinn ér førbiletet. Han er landets beste. Enkelt og greitt, konstaterer den vågale to-meteren frå Nore Neset.