Alvilde Hellebø har bein i nasen. Ho dansa framfor Juice Crew og nesten 200 publikumarar.
Alvilde Hellebø har bein i nasen. Ho dansa framfor Juice Crew og nesten 200 publikumarar.

I "dansering" med Juice Crew

Ungdomane på Vinnesfestivalen fekk seg ei overrasking då Juice Crew kom ned frå scenen for å dansa.

Trekkplasteret til ungdomskvelden av Vinnesfestivalen, Omer Bhatti og Juice Crew var forseinka, men leverte eit kort og godt show på 25 minutt fredag kveld.

- Kan de laga ein sirkel med god plass i midten, kom det frå scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Publikum var ikkje vonde å be, men då dansarane oppmoda unge fusingar til å visa seg fram i sirkelen, var dei ikkje så høge i hatten, forståeleg nok. Det er ikkje berre berre å hoppa etter Wirkola. Men då ingen andre våga, tok Alvilde Hellebø ansvar og viste fra nokre "moves", til stor begeistring for både Juice Crew og publikum.

Kort og brutalt

Nær 200 ungdomar fann vegen til det første alkoholfrie utandørs ungdomsarrangementet i Fusa nokosinne. Showet varte i 25 intense minutt.

- Det var kort og brutalt. Det kostar 80.000 kroner å leiga dei inn. Det er ikkje akkurat noko pluss-arrangement, smiler Bergheim.

No skal dei snakka med ungdomane og høyra kva tanker dei har om å gjera ungdomskvelden til eit utandørsarrangement også i åra som kjem.

- Det er viktig for oss å inkludera ungdomen. Me spelar på lag med dei, noko me også gjorde i forkant av helga, seier Bergheim.

Tett med folk

Laurdag på dagtid stryømde folk til Vinnes i finvêret. Om kvelden var besøket litt meir beskjedent.Totalt gjennom heile helga var det likevel eit par tusen innom festivalen, noko festivalleiar Rune Bergheim er kjempenøgd med.

- Me var heldige med vêret. Då kjem det jo alltid folk. Laurdag på dagtid var det tett med folk på festivalen. Til kveldsarrangementet hadde me kring 400 betalande, seier Bergheim.

- Idyllisk og fredfullt

«Os og Fusaposten» trefte Bhatti og dansarane før dei skulle på scenen. Bhatti hadde høyrt om Fusa tidlegare, men måtte gjera litt research, for å lesa seg opp om kommunen. Trass research vart han overraska over synet som møtte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig idyllisk og fredfullt her. Menneska er også veldig koselege, seier Bhatti.

Bhatti gjer eit poeng ut av å spela på nye og mindre stader, og ikkje berre i storbyane, for å treffa nye menneske, og sjå nye stader.

- Eg hadde ikkje venta at scenen og utstyret skulle vera så bra som det var. Dette er betre enn mange andre større konsertar eg har hatt. Det er også den finaste backdroppen (område bak scenen, journ.mrk) eg nokosinne har hatt, seier han.

Torsdag var artisten inne på tanken om å melda avbod grunna sjukdom. Lydprøven gjekk bra, og artisten valte å gjennomføra showet trass feber og tett nase, noko publikum nok sette stor pris på.