Den nye garde går for grafittikunst. Gje oss ein vegg å utfalda oss på, lyd bodskapen for den kreative grafitti-gjengen på Ungfest i Oseana.
Den nye garde går for grafittikunst. Gje oss ein vegg å utfalda oss på, lyd bodskapen for den kreative grafitti-gjengen på Ungfest i Oseana.

I «nitti» for grafitti

Osingar og fusingar strøymde til for å vera med på grafitti-kurset under Ufest laurdag.

– Det har teke heilt av. Me inviterte først ein kurshaldar, men då fleire og fleire melde seg på, måtte me få opp ein instruktør til, fortel Zofie Konieczha i arrangørstaben til årets Ufest.

Oseana også for ungdomen

Det er andre året på rad at Oseana inviterer til Ungfest. Agnes Smørholm er prosjektleiar for arrangementet. Ho meiner det verkeleg byrjar å ta form.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I fjor var det utelukkande eit musikalsk arrangement. I år har me tre work-shopper på dagtid, medan ettermiddag og kveld er sett av til konsert. Så langt er me veldig nøgd med oppslutninga, seier Smørholm.

Totalt 40 unge, i aldaren 8-til 18 var med på dei ulike workshoppane laurdag føremiddag.

– Me kan heilt sikkert ønskje oss fleire folk, men ein plass må me starta. I fjor var det få folk som kom. I år lovar det betre. No er det berre å håpa at ungdomen kjem på konsertane i ettermiddag og kveld, sa Smørholm då me prata med ho i 15-tida laurdag.

Ingen gatekunst utan musikk. Frida Solheim og Zofia Konieczha hiv seg med i dansen.
Ingen gatekunst utan musikk. Frida Solheim og Zofia Konieczha hiv seg med i dansen.
Synnøve Kaspara Palm Frantzen får hjelp til å spinna litt rundt på hovudet.
Synnøve Kaspara Palm Frantzen får hjelp til å spinna litt rundt på hovudet.
Leffe Johannessen har med seg dei unge beatboxing-spirane frå første stund.
Leffe Johannessen har med seg dei unge beatboxing-spirane frå første stund.
Ikkje alle klarar å spinna rundt på hovudet. Nokon gonger endar det med knall og fall...og latter.
Ikkje alle klarar å spinna rundt på hovudet. Nokon gonger endar det med knall og fall...og latter.
Grafitti-elevane leverer på høgt nivå.
Grafitti-elevane leverer på høgt nivå.
Marie "MaClash" Paulsen hadde med seg Brandon Daltveit til Oseana laurdag føremiddag. Grafitti-instruktørane var imponerte over deltakinga og dei mange talenta på Os.
Marie "MaClash" Paulsen hadde med seg Brandon Daltveit til Oseana laurdag føremiddag. Grafitti-instruktørane var imponerte over deltakinga og dei mange talenta på Os.
Breaking er stadig populært. Eivind Viktveit har teknikken inne.
Breaking er stadig populært. Eivind Viktveit har teknikken inne.

Engasjerte vegvisarar

Os og Fusaposten fekk ein guida tur innom dei ulike postane i kjellaren på Oseana. Til å visa oss rundt hadde me Zofie Konieczha og Frida Solheim – to engasjerte og flittige Ung-fest-arrangørar som verkeleg brenn for konseptet.

– Det er så kult at me får ha eit slikt arrangement i Oseana. No har me spreidd bodskapen om dagens fest i alle sosiale medium. Me håpar så mange som mogleg kjem og har det moro her i lag med oss, seier dei to.

Fri gatekunst

Blant workshoppene var det altså grafittien, som lokka flest. Gjengen var husa i garasjen under Oseana. Der lønte det seg å bruka munnbind.

– Me har totalt 17 deltakarar her i dag. Om eg skulle hatt dei åleine måtte dei vert langt færre. Grunna den store påmeldinga, fekk eg med meg Brandon Daltveit, fortel Marie «MaClash» Paulsen.

Ho og Brandon jobbar til dagen for YAS (Ytre Arna Sentrum) der dei arrangerar kurs i grafitti)

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det nokre talent her?

– Ja, jøss. Det er mange kreative folk i Os. Sjå her kva dei har laga til no, seier Marie og viser oss eit tjuetals grafitti-måleri.

Viljar Alsaker Kolle var i gang med eit nytt verk der han ville laga sine eigne initialar.

– På toppen har eg laga Adidas-teiknet. Det laga me ved hjelp av sjablong, fortel han.

Ingeborg Lund Larsen nytta teknikken ved å «fada» spray-fargen utover.

– Det er flinke instruktørar. Dei inspirerar oss godt, og kjem med nyttige tips, konstaterer ho.

Like to move-it

På rommet for beatboxing var det færre deltakarar, men deste meir tid til at Leffe Johannessen kunne inspirera og instruera elevane sine.

– Eg skjønar kvifor dei har vald denne workshoppen. Alle har skjønt kva det går i, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som basic lærte han dei heile «slagverket».

– P-lyden er skarptrommen, ts-lyden er hi-hat og Bom-lyden er stortromme, forklarar Leffe.

Kort tid etter køyrde gjengen ein liten opptreden for underteikna med låta «I like to move it» (sjå Facebook-sida til Os & Fusaposten).

Siste gruppe var dansarane. Her var det to instruktørarar - Preben Friis Thomassen og Storm Osdal.

– Det er ingen tvil om kva dei vil læra mest om her i dag. Det er breaking - breake dance og litt hip-hop, forklarar Storm.

Medan Os & Fusaposten var innom var det harde forsøk på back- og headspinn over heile linja.

– Dei lukkast kanskje ikkje i dag, men om dei øvar godt framover, så kjem det etter ei stund, konstaterte instruktøren.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no