Draumedagar i lufta: – Ein finn ikkje betre måte å observera det spreke turfolket på, smiler pilot Kristoffer Samulsen. Her på veg sør-vest over Møsnuken.

I skyene etter ein majestetisk start på flysesongen

Sjeldan har seglflygarane i Os Aero Klubb starta sesongen i betre vêr, men for veteranane er det ikkje berre finvêr som er ettertrakta.

28 år gamle Kristoffer Samuelsen er mannen som foreviga denne majestetiske overfarten over Møsnuken i påska.

Trass sin unge alder, er Samuelsen blant veteranane i seglflygruppa til Os Aero Klubb. Han gler seg storveges over at sesongstarten for glidarane no er i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore i miljøet sidan eg var 12 år. Eg har vore pilot og flydd jamleg åleine sidan eg var 15, fortel norenesingen.

På biletet har han kompis Thomas Aas framfor seg.

– Dette var jo berre ein kort tur, men det er noko spesielt ved å fly over eigen kommune i slikt vêr. Me hadde 20-30-tals turgåarar under oss som gjekk til og frå Møsnuken, og såg folk nær sagt på alle toppar og haugar. Det var vakkert, fortel Kristoffer.

Flygutar: Kristoffer (t.v.) er klar for flyging. Her i lag med Arne Martin Guëttler.

50 med seilflysertifikat

Vinterstid er det lite seglflyging over Vaksinen flyplass på Ulven. Då står flya demonterte i hangaren.

– Klubben har tre to-seterar, tre éin-seterar og eitt privateigd motorglidarfly. Då sesongen starta i påska, var alle flya på vengene, fortel Samuel.

Han fortel at dei per dags dato har 150 medlemer i klubben, og at kring 50 av desse har seglflysertifikat.

Samuel sjølv er instruktør.

– Me har totalt 20 instruktørar i klubben. To gonger i veka har me skulekøyring der me utdannar nye flygarar, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mange nye seglflysertifikat får de delt ut i løpet av ein sesong?

– Det varierer litt, men ein plass mellom fem og ti blir det kvart år. Dei fleste som tek sertifikatet hos oss, gjer det om hausten. Då er det best kapasitet på skuleflyginga, fortel Kristoffer.

Ventar på mindre stabil luft

Sjølv om kanonvêret me no har, gjev krystallklar utsikt frå seglflya, er Samuel og dei meir drivne pilotane ikkje berre nøgde med det.

– Når det er høgtrykk, er det få luftstraumar og lite action. For nybyrjarar er det heilt flott, men for oss som har flydd ein del, er det skyer og mindre stabil luftmasse som er mest moro. Då kan me finna mykje oppdrift og fly langt av garde. Det er det me liker best, fortel han.

– Kor langt kan de fly?

– Det er ikkje uvanleg at me kan fly opp mot 50 mil om ein finn gode, fine luftstraumar. Sjølv er eg ofte oppe over Sognefjellet og der omkring når tilhøva ligg til rette for det, fortel den erfarne luftseglaren.