Stor variasjon: Det var stor variasjon i kostyma, nokre meir skumle enn andre.

Ikkje bli skremd, det er berre Torsdagsklubben som har karneval

Dei over 90 personane som tok del i karnevalet til Torsdagsklubben sist veke blei mottekne som stjerner – med raud løpar og bilettaking.

– I dag har vi karneval. Det var på tide at lokalavisa vitja oss, for vi gjer mykje kjekt i Torsdagsklubben, fortel Espen Giertsen.

Det var heilt fullt i Kløvertun sist torsdag. Bente Borghild Hauge fortel at over 90 personar hadde meld seg på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her er det folk frå Austevoll, Tysnes, Eikelandsosen og Os. Vi skal premiera dei beste kostyma, og så er det sjølvsagt god mat og drikke på menyen.

Kjende karakterar: James Bond og Moneypenny fann vegen til Kløvertun torsdag kveld.

Hauge tok også del i showet som publikum fekk kosa seg med. Sæterjentene spelte kjende og kjære folkesongar gjennom arrangementet. I tillegg til dette, fekk leiaren seg ei overrasking i heilt i starten av kvelden. Plutseleg starta alle å syngja bursdagssongen for ho.

– Eg blei overraska, ja. Eg fylde 60 år førre laurdag, fortel Hauge.

Stjerner: Espen Giertsen meinte at det var på høg tid at lokalavisa vitja eit av dei mange spanande arrangementa til Torsdagsklubben. Fotograf Torgeir Holme såg ut til å trivast like godt som dei som gjekk på raud løpar.

Det første deltakarane møtte, etter å ha vore og hengd frå seg i garderoben, var ein fotograf i strålande humør. Torgeir Holme hadde fått låna ein raud løpar frå Oseana, og ein pressevegg frå Fjordfolk. Dette gjorde at stjernene i Torsdagsklubben fekk ei oppleving av å vera Hollywood-kjendisar for ein kveld.

– Dette er utruleg kjekt å vera med på. Eg tek betaling i vaflar i kveld, så det er ikkje noko eg blir rik av, men det bryr meg ikkje, seier han med eit smil.