Harry Potter er fyrst ut i vårprogrammet til biblioteket, sidan vert det både lokal poesi, musikk, lyrikk og føredrag.
Harry Potter er fyrst ut i vårprogrammet til biblioteket, sidan vert det både lokal poesi, musikk, lyrikk og føredrag.

Inviterer til Harry Potter-dag i biblioteket

Fusa folkebibliotek inviterer til Harry Potter-dag laurdag der unge Potter-vener både kan leita etter malacruxane, kle seg ut i kostyme frå Potter-universet og ta del i huscup.

Harry Potter er fyrst ut i vårprogrammet til biblioteket, sidan vert det både lokal poesi, musikk, lyrikk og føredrag.

Torsdagsakademiet opnar vårprogrammet med ein poesikveld 26. januar med tittelen «Lysande ord i mørket». Her får publikum møta to lokale lyrikarar, Tove Rolland og Ingvar Nistad. Tove Rolland er aktuell med ny bok «Mellom sol og skygge», som kom i haust. Då får dei frammøtte også høve til å sjå illustrasjonane til boka, laga av Heidi Skår Dale. Idar Rolland bidreg med musikalske innslag og programmet vert leia av Terje Raunsgard.

Artikkelen held fram under annonsen.

16. februar vitjar Tom Roger Aadland Torsdagakademiet og speler Dylan "Blondt i blondt", medan Kjell Magnus Økland 23. mars kåserer om boka «Oselvar - den levande båten».