Inviterer til ny solidaritetskonsert i Os kyrkje
Det har vorte ein fin tradisjon med solidaritetskonsert rundt juletider i Os kyrkje.
Lokale artistar stiller engasjerte opp, utan noka form for honorar. Målet er å samla folk til ei god konsertoppleving og informasjon om naudhjelp til krigsramma.
I år har vi fokus på det vi opplever som uverdige tilstandar som sivilbefolkninga vert utsett for i dei meiningslause konfliktane som i både Ukraina og Midt-Austen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange tusen menneske er på flukt frå krigshandlingar og manglar alt frå vatn og mat til medisinar.
Dei har eit håp om fred og eit normalt liv.
Flyktninghjelpen er aktivt inne og prøver med sin innsats å avhjelpa situasjonen for dei svakaste.
Konferansier for årets solidaritetskonsert, 17. desember i Os kyrkje, vert Marie Bruarøy.
Desse artistane stiller opp:
Eirik Søfteland/Olav Skorpen
Anna Neset og Solfrid Hernes
Jan Haaland
Artikkelen held fram under annonsen.
Mighty Magnolias
RES
Victoria Bakka
Leif Østrem
Michael Lekven
Tetiana Sorochan
Solomiya og Nazar Romanyshyn
Os Kulturutvikling
Artikkelen held fram under annonsen.
Os sokneråd
Galleri Solbakkestova