Kan ha funne spor etter dei første menneska på Lepsøy
Arkeologar i Vestland kan ha funne spor etter dei første menneska som kom til fylket, for 10.000 år sidan.
Feltarkeologar i Vestland fylkeskommune har funne sju flintesteinar, spor etter dei første menneska i Noreg, på Lepsøy, skriv Vestland fylkeskommune.
Arkeologane har funne 206 buplassar – som er så mykje som 10.000 år gamle – i Bjørnafjorden, Tysnes og Stord kommunar. Desse ligg i området som er planlagt for den framtidige traseen til E39.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er det største arkeologiske registreringsprosjektet vi nokon gong har gjort gjennom tidene i Hordaland, Sogn og Fjordane og i Vestland. Dette er veldig stort, og vi er bortskjemte med gode funn. Vi har fått mykje å tenkja på og jobba med, seier arkeolog Øystein Skår, som leia registreringane i den framtidige traseen for E39 Stord-Os (Hordfast).