Andreas Johannessen og kompisane hans heldt full liv i campingvognas før Gunslingerskonserten dagen før nyttårsaftan i 2017. No kan gjengen førebu seg for ny konsert med heltane frå Tørvikbygd.
Andreas Johannessen og kompisane hans heldt full liv i campingvognas før Gunslingerskonserten dagen før nyttårsaftan i 2017. No kan gjengen førebu seg for ny konsert med heltane frå Tørvikbygd.

Kan rulla fram campingvogna igjen

Andreas Johannessen og kompisane kan rulla fram campingvogna til ny Gunslingsers-konsert på Nore Neset i desember igjen.

Tor Egil Hylland har ein grei filosofi som konsertarrangør: Har ein napp på artistar som har fungert før, så er det ikkje noko poeng i å venta med å booka dei.

– Nyttårskonserten i Nore Neset Aktivitetshus no i desember var vellukka på så mange måtar. Spesielt er eg nøgd med at me endå ein gong, og kanskje i endå større grad enn tidlegare, lukkast med å få ungdomen til å koma. Ei viktig årsak til det var Gunslingers, seier Os Live-sjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

God fangst

Då Os og Fusaposten prata med Hylland i samband med planane hans for sommarkonsert i Vognhallen, røpa han at Gunslingers alt var booka inn for nest siste dag av 2018.

– Dei likte seg så godt, og synest opplegget vårt var kjempebra. Då det viste seg at dei var frie for oppdrag på same kveld i 2018, var det berre å klina til, fortalde Hylland.

Mange nøgde osingar

For Andreas Johannessen og kompisane som parkerte campingvogn på parkeringsplassen ved Nore Neset Aktivitetshus er det berre å førebu seg til eit nytt nærmøte med cowboyheltane frå Tørvikbygd. Gunslingers appellerte så absolutt til osingane, og osingane viste til fulle sin elsk for bandet.

Nær 600 fann vegen til Gunslingerskonserten i 2017.
Nær 600 fann vegen til Gunslingerskonserten i 2017.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no