I år går Ølfestivalen av stabelen laurdag 22. juni. Kvart år har festivalen sin eigen heimebryggarkonkurranse.
I år går Ølfestivalen av stabelen laurdag 22. juni. Kvart år har festivalen sin eigen heimebryggarkonkurranse.

Klar for ny heimebryggarkonkurranse: I fjor var lokale bringebær den avgjerande ingrediensen

Oseana Ølfestival lanserer årets heimebryggarkonkurranse.

I år går Ølfestivalen av stabelen laurdag 22. juni. Kvart år har festivalen sin eigen heimebryggarkonkurranse.

Marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica Søilen Halhjem, og Cato Larsen ved Bjørnafjorden Bryggeri fortel at årets heimebryggarøl skal vera ein Amerikansk IPA.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er eit humletungt øl med god bitterheit, svak maltbase og uante moglegheiter kva gjeld smak og aroma, heiter det i ei pressemelding.

I fjor skulle heimebryggarølet innehalda ein lokal ingrediens, og det var heimebryggar Bjørn Egil Døsen som gjekk av med sigeren. Ølet hans inneheld lokale bringebær, og skal snart i produksjon hjå Bjørnafjorden Bryggeri.

- Premien var å få laga ein batch av ølet sitt hjå oss. Dette brygget skal sjølvsgt også kunna smakast på under festivalen i år, og vi håper det vil koma ut i dei lokale utsala som er her i bygda, seier ein nøgd Cato Larsen i pressemeldinga.

Ølet i årets konkurranse vil bli vurdert av «eigna dommarar» og alle vil få ei tilbakemelding på ølet sitt i form av eit dommarskjema.

Oseana Ølfestival er eit samarbeid mellom Oseana og Bjørnafjorden Bryggeri, og hadde i fjor rundt 500 besøkande.

jostein@osogfusa.no