Bokbåten Epos legg i november til land på 54 stader i Hordaland. (Foto: Stian Wiik/Hordaland fylkesbibliotek).

Klart for bokbåtturne i Hordaland

Tysdag 5. november legg bokbåten Epos ut på haustturne i Hordaland. Fram til 27. november skal bokbåten innom 54 stader i fylket.

I tillegg til å vera fullasta av bøker for små og store, byr bokbåten på underhaldning. På den første delen av turen er det forteljaren og skodespelaren Nina Næsheim som står på programmet med framsyninga «Det magiske skrinet», fortel Hordaland fylkeskommune på eigne nettsider.

Den andre halvdelen av turneen får ho avløysing av musikaren Sindre Sortland som likar skummel musikk. Under framføringa blir publikum inviterte med til å laga si eiga historie til musikken. Framsyningane blir sagt å passa frå fem år og oppover.

Bokbåten Epos fyller i år 60 år. I fjor hadde båten i underkant av 4.000 besøk i Hordaland.

(©NPK)