Børne Matthias og Erik Folkestad skal bli brannmenn.
Børne Matthias og Erik Folkestad skal bli brannmenn.

Komande brannmenn-brødre

Brørne Matthias og Erik Folkestad var vanskelege å få ut av brannbilen på Strandvikmarknaden. Dei unge gutane veit nemleg kva dei skal bli når dei blir store.

- Eg blir vel ståande her litt utover dagen, eg no, skjemtar pappa Gustav.

Hans to søner på fire og tre år såg ikkje ut til å villa vera med på andre aktivitetar denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er lastebilar, politibilar og brannbilar som tel. Tidlegare har dei fått sjå brannbilen i Eikelandsosen. I dag køyrde me til Strandvik for å kikka meir, humrar pappaen.

På direkte spørsmål om kva dei skal bli når dei blir stor, svara gutane slik:

- Brannmann

Det var lang kø då Irene Tveit og Britt Sagen opna for rauddravle-salet.
Det var lang kø då Irene Tveit og Britt Sagen opna for rauddravle-salet.
Stian Smørholm og to hjelparar fronta lokalprodusert undergrunnsmusikk frå Fusa.
Stian Smørholm og to hjelparar fronta lokalprodusert undergrunnsmusikk frå Fusa.
Hans Willy Tuft, Frode Soldal, Kut Andersen, Lars Johannes Dalland og Arild Legland. Gjengen steikte til dømes ikkje mindre enn 216 speilegg.
Hans Willy Tuft, Frode Soldal, Kut Andersen, Lars Johannes Dalland og Arild Legland. Gjengen steikte til dømes ikkje mindre enn 216 speilegg.

- Ja, eller politimann.

- Ja, for det må visst bli noko av dei to tinga. Dei ramsar til og med opp nummera til alle naudetatane medan dei leikar, fortel pappa.

Heime i Eikelandsosen har mora til og med sydd klede til gutane.

- Ho har brukt mykje tid på det. Men dei vart godt nøgde då ho gav dei heimelaga brann-drakter som dei kan bruka når dei leiker, ler pappa Gustav.

Lange køar

Det var mykje folk og god stemning frå tidleg på dag i sommarbygda Strandvik laurdag. Då «Os og Fusaposten» kom inn, var dei fleste ferdige å eta frukost i grendahuset. Neste på programmet, var for mange det store høgdepunktet: Sal av rauddravle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Åh, dette har me venta på heilt sidan i fjor. Ingenting er som nylaga rauddravle frå Strandvik. Då kjem barndomsminnene på meg med ein gong, sa ein eldre mann med salig blikk like etter å ha fått si etterlengta forsyning.

Men nok til alle var det truleg ikkje.

- Me har laga godt over 50 liter, men av erfaring bruker ikkje det å vera nok. Dessverre har me ikkje korkje tid eller kapasitet til å laga meir. Det er berre å beklaga, sa dravle-konene Britt Sagen og Irene Tveit.

Dei to byrja å jobba med Dravlen alt onsdag.

- Det er ein tung fysisk jobb, så me har i alle høve fått trimmen vår for veka, humra dravle-damene.

Då dei køyrde inn bøttene med dravle, var køen utanfor grendahuset over 20 meter lang.

Tungrock-stand

På markndaden var køane elles fint fordelt mellom dei mange standa som stod lina opp på skuleplassen. Alt frå tretønner til kunst, sminke, båtar, bilar og mat var å kjøpa, og mykje av produkta som var utstilt var lokalt. Til og med ein stand for Fusa-tungrock.

- Me må ut og visa oss, me også, seier Stian Smørholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er eigar av eit lokalt plateselskap på Fusa som fremjar lokale heltar. Selskapet er kalla «Egded Circle Productions».

- Fusa har alltid hatt tradisjonar for å ha band innan tungmusikken. På slutten av 1980-talet  var det ein bra gjeng som heldt på med heavy metall. I dag er det ein ny gjeng som har vakse fram - ein gjeng på 8-10 gutar som no hevdar seg godt innan tung undergrunnsmusikk.

Blant banda han frontar er Inculter, Sepulcher, Reptilian og Dead To This World.

- Korleis vert de tekne imot her i Strandvik?

- Jo, greitt. Det er ikkje alle som heilt veit kva me driv med, men fleire er nysgjerrige, og det bør dei vera, for det banda våre gjer har sett spor etter seg i Noreg, så vel som internasjonalt, seier Smørholm.

Bygdapris

Utover dagen i Fusa var det stadig fleire leiker og konkurransar som vart sett i gang. Både hønsedritebingoen og andesleppet i Vikaelva samla mange deltakarar. Vidare vart det delt ut bygdapris til Tone Vik og arrangert ei rekkje mindre konsertar i grendahuset og kyrkja. Meir av dette kan du sjå på «Os&FusaTV» til veka.