Fleire moglegheiter: Kultursjef Erik Vangsnes og Bjørnafjorden kommune lyser i desse dagar ut fleire tilskotsordningar på kulturområdet.

Kommunen lyser ut fleire tilskotsordningar - her er det berre å hiva seg på

Søknadsfristane er i mars.

Bjørnafjorden kommune lyser i desse dagar ut fleire tilskotsordningar på kulturområdet med søknadsfristar i mars, mellom anna til kulturelt utviklingsprogramt (KUP), kulturmidlar til lagsdrift, kulturstipend til ungdom og tilskot til kulturminnevern.

Vernetiltak

Tilskot til vern av kulturminne er ei fylkeskommunal ordning som dels er administrert frå kommunen. Her kan eigarar av private verneverdige kulturminne i Bjørnafjorden søkja om tilskot til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilskot kan òg nyttast til andre tiltak som kurs og formidling, presiserer kultursjef Erik Vangsnes.

Søknadsfristen er 1. mars.

To kulturstipend til unge

Bjørnafjorden lyser også ut to kulturstipend - kvart på kroner 20.000 - med søknadsfrist 15. mars. Unge mellom 16 og 29 år kan søkja.

– Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet, forklarer Vangsnes.

Kulturmidlar er eit tredje mogleg tilskot til dagleg drift av eit lag eller organisasjon. Også her er søknadsfristen 15. mars.

1 million i KUP-midlar

Den siste ordninga, er Kulturelt utviklingsprogram (KUP). Her står 1 million kroner til fordeling. KUP-midlar er tilskot til tiltak eller prosjekt i Bjørnafjorden kommune som t.d. festivalar, kultur- og idrettsarrangement, produksjonar og utviklingstiltak. Fristen her er også 15. mars.

– Målet med KUP-midlar er å stimulera til ny og auka aktivitet innan kultur- og idrettsmiljøet i kommunen og verkeleggjera visjonen for Bjørnafjorden kommune om eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping, skriv Vangsnes i ei pressemelding.

Han fortel at eit politisk arbeidsutval har arbeidd med dei nye retningslinene for KUP og kulturmidlar. Utvalet har bestått av Torgeir Skjælaaen, Tore Kleppe og Herborg Nordtveit frå Tenesteutvalet.