Seladon ved kai på Engevik.
Seladon ved kai på Engevik.

Kystsogedag på Engevik og Mjånes

Sundag 28. august vert det Kystsogedag og torgdag på Engevik gaard og ope tun på den tidlegare "frigarden" på Mjånes. Det vert kåseri, hagekonsert, utstilling, torghandel og veteranskyss med seglskip og buss.

På Engevik er det som vanleg ope tun med matservering og høve til å sjå seg om i husa, som samtlege skriv seg frå den gamle millitære sjefsgarden frå 1700-talet. Ordførar Atle Kvåle står for den offisielle opningafrå utescenen.

Hagekonsertar

Det vert to små hagekonsertar frå utescenen i Engevik med unge talent med lokal tilknyting. Kristin Mjånes Myklebust og Fatima Revne vil ha kvar si avdeling i programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torghandel med lokale produkt og kortreiste varer er eit populært innslag. På torget vert det alt frå kortreiste matvarer til lokalt handverk. Det vert demonstrasjon av gamle handverk. M.a. syner Fusa husflidslag kipebinding og repslaging.

Kåseriet vert i år med etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes som vil snakka om Engevik og arven frå dansketida. Her får du vita meir om livet på Engevik i generalmajor Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) sine velmaktsdagar. Dette skjer på Buo med ein presentasjon i lyd, ord og bilete.

Fotoutstilling

Det vert ei eiga utstilling med foto av bygdefotografen Einar Sundvor (1899-1963) som har ei unik samling av foto etter seg.

Enok i kamp under fjorårets kystsogedag.
Enok i kamp under fjorårets kystsogedag.

Les også:Kulturskatt-funn i Os

Motive er særleg henta frå grendene ved Lygrepollen, men også frå nabobygdene i Fusa, Tysnes, Kvam og Kvinnherad. Kulturkontoret har digitalisert alle bileta og du får smakebitar på Kystsogedagen.

Frigarden på Mjånes

Medan Engevik var millitær sjefsgard på midten av 1700-talet var fleire av underoffiserane i det Sunnhordlandske kompani busett på gardar i området. Mjånes var ein slik millitær "frigard". Tunet på Mjånes har m.a. den eldste løa i Fusa som kan henda er i frå mellomalderen og mange gamle bygningar. M.a. har dei laga seg eit lite gardsmuseum med gamalt innbu og verkty.

Det vert omvising med professor emeritus Nils Georg Brekke. Brekke var tidlegare fylkeskonservator og sterkt involvert den gongen løa vart restaurert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Kulturhistorisk transport

Transporten mellom Engevik og Mjånes går med seglkuttaren Seladon frå Fitjar og veteranbuss, og er ei kulturhistorisk oppleving i seg sjølv. Bussen som kjem er frå tidleg 60-tal og gjekk i rute for Bergen-Hardanger bilag i nordre del av Fusa, m.a. som skulebuss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Programmet for dagen vert avslutta med utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2016. Dette skjer frå scenen på Engevik gaard.

Arrangør på 5. året er Sævareidfjorden ungdomslag i samarbeid med Fusa kommune og Stiftinga Kystsogevekene i Hordaland.

Erik Vangsnes

Fusa kulturkontor