Frida Solhein og Lilly-Mae Grønvigh i UROF.
Frida Solhein og Lilly-Mae Grønvigh i UROF. Foto: Arkiv/Camilla Kvamme

Lager namnebyte-konkurranse

Ung Rock i Os og Fusa (UROF) håpar på mange og gode forslag når dei no skal skifta namn.

– Vi vel å byta namn ettersom vi ønskjer å bli meir inkluderande og inkludera fleire sjangrar og stader i Hordaland. Det skal ikkje lenger vera hovudfokus på rock i berre Os og Fusa, skriv Lilly-Mae Grønvigh i UROF til Os & Fusaposten.

Namnekonkurransen går føre seg på Facebook-sida til UROF. Personen med det beste forslaget vil bli premiert, skriv dei. Fristen for forslag er sett til 7. april.

Arrangerer konsert

Neste helg skal UROF arrangera konsert i samarbeid med U82-huset i Åsane.

– Konserten går av stabelen i U82-huset i Åsane. Vi har fått sjølvaste TØFL som headliner. Apollo Qult, Blooming Bruises, Sleepwalkers og Amnesia skal også spela. Dei som ønskjer meir informasjon kan sjekka ut arrangementet på Facebook, skriv Grønvigh.