Lisbeth Akselsen og Øyvind Gjerde leiter med lykt og luper etter krigsminner i Os. I fjellet under Moberg er det mykje rart (og skummelt). (Alle
Lisbeth Akselsen og Øyvind Gjerde leiter med lykt og luper etter krigsminner i Os. I fjellet under Moberg er det mykje rart (og skummelt). (Alle

Leitar med lykt og lupe etter krigsminne

Os kommune skal laga ny kulturminneplan. No treng kultursjef Lisbeth Axelsen di hjelp til å kartleggja krigsminne i Os.

Det er både rått og kaldt inne i den bekmørke betongbunkersen i Mobergsfjellet.

- Uæh, pass deg, seier kultursjef Lisbeth Axelsen til kulturkollega Øyvind Gjerde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kultureininga i Os skal endeleg i gang med å laga ny kulturminneplan. Den førre vart laga så langt attende som i 1992. Sidan det i år er 70 år sidan slutten av andre verdskrig, har dei valt å fokusera på krigsminne. Og kva set vel stemninga betre enn å ta fotografen med seg inn i dei gamle, tyske tunellane i Mobergsvikjo?

- Øyvind har gått rundt her med gps-målar og lommelykt og laga kart. Han er tøff som vågar seg inn i mørkret her, ler Axelsen, som sjølv er litt meir forsiktig.

Krigsminne

Kultureininga i Os har fått kr 100.000 til nyregistrering av kulturminne. Difor går dei no ut og bed osingane melda inn alt frå bygningar, eller historier knytte til desse, såkalla immaterielle minne.

Ved hjelp av lasarmålar har Øyvind Gjerde fått laga dette kartet over bunkersen.
Ved hjelp av lasarmålar har Øyvind Gjerde fått laga dette kartet over bunkersen.
Den gamle tyske bunkersen i Mobergsfjellet rommar mange små rom og tronge ganger.
Den gamle tyske bunkersen i Mobergsfjellet rommar mange små rom og tronge ganger.

- Med det meiner vi historier og hendingar frå krigens dagar. Vi vonar å få snakka med personar med førstehandskjennskap til krigen, men er også interesserte i å koma i kontakt med folk som kan gjenfortelja episodar frå andre.

I løpet av kort tid vil Kultureininga gå ut med ei annonse og invitera folk til å dela sine historier.

- Vi veit det sit folk i bygda med mykje kompetanse, og nokre har alt vore i kontakt. Eg er i alle fall ikkje redd for at vi får for lite stoff, smiler ho.

Axelsen har også fått med seg at ein forfattar frå Os, Ole-Jacob Abraham, nettopp har skrive bok om Saborg der fleire kapittel er via krigshendingar i Os.

- Dette er svært interessant for oss. Eg kjem heilt sikkert til å ta kontakt med Ole-Jacob, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spørsmål om riving

Tunelane i Mobergsfjellet ber preg av at festglade telys-brukarar har teke seg til rette.

- Vi må få registrert slike stader før det er for seint, seier Axelsen som vedgår at tunnelane ikkje framstår så positive i dag.

- Men det hadde vore frykteleg synd om dei skulle verta øydelagde.

Medan eldre bygningar har eit særskilt vern i lova, er ikkje krigsminne formelt freda. Når det frå tid til anna oppstår spørsmål om ein kan riva eller ikkje, er det nyttig at desse er registrert.

- Før vi lagar kulturminneplanen må vi få eit skikkeleg register over minne på plass, seier Axelsen.

Sjølv om ein del alt er på plass i Riksantikvarens base, må desse digitaliserast og reregistrerast med biletmateriale og historikk.

Axelsen og hennar stab skal no lærast opp av byantikvaren, men ein del utstyr som til dømes gps-målar, er alt på plass.

Fjellheim?

I tillegg til krigshistorie, skal også bygg og anlegg nyare enn 1900 registrerast. Ho nemner barneheimen på Askviknes som eit konkret døme.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er faktisk eit freda bygg. Ikkje fordi historia er spesielt vakker, men fordi det er ein del av ei minoritetshistorie som vi treng å hugsa på.

Også andre nyare kulturminne skal vurderast. Her ser ikkje Axelsen bort frå at det kan bli diskusjon om kva som har kulturhistorisk betydning.

- Er Fjellheim aktuelt for fredning?

- Når det gjeld akkurat det bygget, held eg meg til at det føreligg ein offentleg godkjend reguleringsplan, seier Axelsen med tunga beint i munnen.

Reint prinsippielt er målet å få innspel som deretter kan vurderast på eit fagleg grunnlag.

Vern vs vekst

Kommunens nye arealplan er i tjømda, og Axelsen vil svært gjerne ha ein ny kulturminneplan på plass i møte med denne.

- Bør vi til dømes utvida vernesona rundt freda kulturminne, eller kan henda har vi kulturlandskap som bør takast vare på, spør ho og viser til at dette er spesielt viktig i ein utbyggingskommune som Os.

- Det vert stadig viktigare å sjå på totalitetane, men alt dette vil sjølvsagt vera politiske avgjerder.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvifor har de venta med å laga ein ny kulturminneplan heilt til no?

- Ja, det kan du spørja om. Eg tok fatt i det då eg byrja som kultursjef mot slutten av 2008. Sanninga er nok at andre planar har kome før i køen og at det rett og slett ikkje har vore kapasitet på planavdelinga som skal laga rammeverket. I tilleg har kultureininga vore opptekne med kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

- Men ja, eg har anka lenge på å koma i gang. Heldigvis, no er vi der og no er vi klare, seier ho.