Manar Alhashemi (26) håper den store internasjonale festen som blir arrangert i Oseana laurdag kan bidra til at flyktningar, innvandrare og osingar blir betre kjende med kvarandre. Arrangementet er ope for alle som ønskjer det.
Manar Alhashemi (26) håper den store internasjonale festen som blir arrangert i Oseana laurdag kan bidra til at flyktningar, innvandrare og osingar blir betre kjende med kvarandre. Arrangementet er ope for alle som ønskjer det.

Liten idé blei til stor fest

- Vi hadde ein liten idé som blei til ein stor fest, fortel Manar Alhashemi (26). Den syriske musikaren tar gitaren med i morgon, når han og ei rekkje andre inviterer heile bygda på internasjonal fest i Oseana.

- Vi som er flyktningar og innvandrarar vil gjerne bli kjent med folk her og visa kven vi er, seier han.

I følgje Manar var det i samband med språkkafeen at ideen byrja ta form.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med fleire andre organisasjonar og lag sette dermed Manar og Maka Al-Farra frå flyktningetenesta igang å organisera.

Festen skjer i foajeen på Oseana i morgon og varer i tre timar.

På dei timane blir det høve til å nyta både god mat og musikk.

Byr på eksotisk fingermat

- Det blir mogleg å smaka mat frå mange ulike land, fortel Manar.

Fleire av innvandrarane og flyktningane lagar fingermat frå sine land, deriblant Irak, Palestina, Kurdistan, Syria, Kroatia, Noreg, Polen og Brasil.

- Vi har rike kulturar, så eg håper mange kjem for å bli betre kjente med oss, seier han blidt.

I tillegg til matprøver blir det musikalske opplevingar. Manar som er utdanna musikar frå heimlandet og speler klassisk gitar, stiller på scenen saman med Øyvind Gjerde på saksofon og irakiske Muhammed.

- Vi skal opptre med to stykke frå Midtausten, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg kjem studentar frå Kongshaug.

Vil sosialisera

Manar syns Os er ein liten plass med sine snart 20.000 innbyggjarar. Her er få menneske og ikkje heilt enkelt å sosialisera. Dette er ein av grunnane til at han gler seg til festen i morgon.

- Eg voks opp i storbyen Homs. Seinare jobba eg i Damaskus, der det var 7 millionar innbyggjarar.

Dermed blei det bokstavleg talt eit lite sjokk å koma til grisgrendte Noreg. Først til vesle Rjukan og deretter Os.

Men no, to år etter at han starta den lange ferda frå Syria, byrjar han endeleg å kjenna seg meir heime.

- Eg har berre lært norsk i eit år, så den er ikkje så god, men bra nok til at eg no kan byrja sjå etter jobb.

Manar har liten grunn til å unnskylda språket, for han har ingen problem med å bli intervjua på norsk, samtalen flyt lett.

Vil gje noko tilbake

Han sit i sola utanfor Oseana og er glad for det gode veret som endeleg har kome. Og sjansen til å byrja på nytt, sjølv om det er tungt å starta eit nytt liv med to tomme hender.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har fått så mykje frå Noreg, så eg tenkte "korleis kan eg gje noko tilbake?", fortel Manar.

Å vera med og arrangera den store festen er ein måte å gje litt tilbake.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei som vil ha noko å drikka attåt all den spennande maten kan få kjøpt det.

I tillegg til Manar og Maka Al-Farra frå flyktningetenesta i Os kommune, består arrangementskomiteen av: Tove Hille og Stine Kobbeltvedt frå Os Frivilligsentral, Eldbjørg Haugland frå Norsk Folkehjelp, Vigdis Thunold, Astrid Marskar og Mona Venner Solberg frå Sanitetsforeninga, Jannike Gangstø Rogne frå Os kyrkjelyd og Idun Fjeld frå Os AUF.