Pride: Kven syng Bono om her?

Lovleg seine svar på påskequizen: Kor mange rette fekk du?

Observante lesararar har registrert at me ikkje har publisert svara på årets påskequiz. Det beklagar me. Her kjem spørsmåla med svar.

1. «Early morning april 4 …». Kven skreiv Bono i U2 om då han signerte teksten til «Pride» (In the name of love 1984)?

Svar: Martin Luther King jr.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Abonnementsansvarleg i Os & Fusaposten, Leif Juvik, har to store hobbyar. Den eine omfattar ofte fire personar rundt eit bord. Kva hobby snakkar ein om her?

Svar: Bridge

3. Same mann har fiska laks sidan han knapt var ein neve stor. Men sjølv om han er konge i Oselva, er det ein annan som har rekordfangsten i denne elva. I 2013 drog Eivind Aasen opp dette beistet i sone 2. Kva vog laksen?

3: Kor stor var denne?: Eivind Aasens fangst frå 2013.

a) 18 kg, b) 20 kg c) 21 kg)

Svar: 18 kg.

4: Kvar finn me desse rare teikningane?

4. Om ein vil sjå helleristningar i Bjørnafjorden kommune; dreg ein då til Bjånesøy, Dalland eller Vargavågen?

Svar: Vargavågen

5: Kva er namnet på denne?

5. Dei kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland under 2. verdskrig vart etter kvart frakta til ei hytte i Samnanger. Denne hytta er rusta opp og står der den dag i dag. Kva heiter ho?

Artikkelen held fram under annonsen.

Svar: Botnahytta

6. Kva bestemmer når det er påske?

a) Systemet er slik at første påskedag alltid kjem på søndagen etter andre solformørkelse før siste regnvêrsdag i mars.

b) Regelen er at påskedag skal markerast på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn.

c) Første påskedag kjem alltid etter at delfinalane i Melodi Grand Prix er unnagjort.

Svar: b

7. Kva for ein osing var sentral i stiftinga av KrF i 1933?

Svar: Ingebrigt Bjørø

Artikkelen held fram under annonsen.

8. To kjente bergensartistar er fetrar, kven?

a) Sondre Lerche og Lars Vaular, b) Jan Eggum og Rune Larsen, c) Tor Endresen og Kurt Nilsen.

Svar: A

9. Søstrene Ann Helen og Liv Grethe er nok mest kjent, men kva var namnet på søskenbarnet deira som også deltok i verdscupen på 2000-talet?

Svar: Liv Kjersti Eikeland

Strålande innsats: Han var stundom innom tanken på å bryta, men kom seg i mål til ein strålande fjerdeplass i Ironman Wales. Her frå då han vart noregsmeister under Haugesund 70,3 i sommar. (Privat foto)

10. Han står framleis med noregsrekorden på ironman med tida 8.26,20 sett i 2014. Kva er namnet på denne fusingen?

Svar: Gudmund Snilstveit

Vel blåst: Denne karen kan sine saker. Det kan verkeleg også foreldra hans.

11. Denne store jazzmusikaren har eit foreldrepar som skal ha stor ære for at ungdomar i Os stadig får prøva seg på scenen og føre eit publikum. Kva heiter dei?

Artikkelen held fram under annonsen.

Svar: Anne Leni Sæbø og Terje Neset

Vidar Bahus spelte sin siste eliteseriekamp i 1999: Kor mange A-kampar har han for Brann?

12. Denne karen var nær ved å gjera comeback for Os for nokre år sidan (var vel mest ein 1. april-spøk). Kor mange offisielle kampar fekk han for Brann ?

Svar: 78 kampar

13. Ein av desse tre kandidatane er ikkje ein kjent TV-detektiv som me kjenner frå påskekrimmen opp gjennom åra:

a) Adam Daglish, b) Poirèe, c) Miss Marple

Svar: Poirèe. Poirèe er ein skiskyttar. Poirot er den belgiske detektiven til Agatha Christie

14. Kven klipte snora då Os & Fusaposten opna sine nye lokale i Legangerhuset i Bydraget på Osøyro våren 2015?

a) Erna Solberg, b) Christian Stabell c) Gunnar Staalesen

Artikkelen held fram under annonsen.

Svar: Erna Solberg

Nr 15 - Med flagget på brystet: Vilde Drange Veglo spelte nett for det norske U19-landslaget, men kva er namnet på klubben ho no spelar for?

15. Ho vart toppseriespelar i vinter og skal etter planen debutera på dette nivået denne våren. Kva for ein klubb er det tanksenterspissen Vilde Drange Veglo spelar for no?

Svar: Sandviken

Dans, song og kunstinnslag: Kva er fornamnet til denne jenta?

16. Kva er fornamnet til jenta på biletet ovanfor – ei jente som alltid er aktiv under musikkarrangement i Bjørnafjorden?

a) Zofia, b) Annastasia, c) Ariane-Elsebeth

Svar: Zofia

17. Kva song er denne tekststrofen henta frå: «Små barn av regnbuen, og en frodig jord», og kva heitte mannen som gjorde songen til ein norsk hit?

Svar: En himmel full av stjerner med Lillebjørn Nilsen

Artikkelen held fram under annonsen.

18. Stavanger har sin «Tore Tang». Bergen har sin «Mine fineste klær på». Kva er namnet på bandet bak songen?

a) Pompel & The Pilts, b) Pogo Pops c) Klamme rumper

Svar: Pompel & The Pilts

19. Om ein ønsker å sjå Jettegryter i Fusa, kor går ein då?

Svar: Feks til Eikelandsosen

Nr 20 - Litt av ei borg: Mark Ringeling bygde denne til sonen. Kvar i Os står borga?

20. Kvar finn ein den største leikeborga i Os?

Svar: Like ved Ravneberghaugen

21. Os & Fusapostens nye medarbeidar på marknad, Ann Christin Nøss, jobba tidlegare med ein kjend norsk OL-helt. Kven?

a) Ole Einar Bjørndalen, b) Kari Traa, c) Kjersti Nål

Svar: Kari Traa

22. Kva heiter familiekatten til redaktør Jostein Halland.

a) Dopus, b) Messi, c) Lissi

Svar: C

Nr 23: Denis Ljubovic er no spelande trenar for ein 3. divisjonsklubb i ein fjord. Kva er namnet på klubben?

23. Tidlegare stoppar i Lysekloster Denis Ljubovic er no spelande trenar i ein annan 3. divisjonsklubb. Kva er namnet på klubben?

Svar: Øystese

24: Kva er namnet på den skrikande mannen i gult?

24. Kva er namnet på denne fotrappe Os-spelaren som har vore ute frå fotballen i over eitt år, men er meldt skadefri før årets sesong?

Svar: Øystein Takle Eide.