Annakvart år arrangerer Vesterheim Museum ein tur til Noreg for å studera norske tradisjonar og den norske folkekunsten. Torsdag kjem dei til Lyngheim. (Arkivfoto)
Annakvart år arrangerer Vesterheim Museum ein tur til Noreg for å studera norske tradisjonar og den norske folkekunsten. Torsdag kjem dei til Lyngheim. (Arkivfoto)

Lyngheim får USA-besøk

Besøket på Lyngheim er eit av høgdepunkta for det amerikanske reisefølgjet som er i Noreg på jakt etter norske folketradisjonar.

Vesterheim Museum i Decorah i Iowa er eit av dei mest velrenommerte musea utanfor Norge som presenterer norske tradisjonar og den norske folkekunsten.

Annakvart år arrangerer Vesterheim Museum ein tur til Noreg for å studera norske tradisjonar og den norske folkekunsten. Torsdag kjem dei til Lyngheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os-målinga

Reiseselskapet på nærare 50 personar kjem til Trondheim og reiser sørover med buss gjennom Gudbrandsdalen og breidbygdene på Austlandet, før dei set kursen vestover til Vestlandet og Os.

- Å koma til Os og få eit nærbilete av Os-målinga med dagens gode utøvarar Torunn Rød Farsund og Hjørdis Juvik, er eit av høgdepunkta, seier Nils Georg Brekke i Stiftinga Lyngheim.

Reiseselskapet kjem til Os med buss over Fanafjellet etter eit kort stopp på Lysekloster. I Os vert det omvising på Oselvarverkstaden før lunsj på Solstrand.

På bualemen

På Lyngheim vil dei bli ynskte velkomne av Os Spelmannslag og varaordførar Marie E. Bruarøy, før foredrag ved Nils Georg Brekke og omvising i ei utstilling i bua innanfor eldhuset i lemstova på Lyngheim.

- Eit høgdepunkt blir det nok å koma opp på bualemen til rosemålar-verkstaden som Torunn Rød Farsund og Hjørdis Juvik har skipa til, legg Brekke til.

Sjølv vil han halda foredrag om Os-målinga og den norske folkekunsten, med utgangspunkt i historia om dei to unge brørne frå Hol i Hallingdal som kom over fjellet i 1782 til fjordbygdene på Vestlandet for å tena pengar på sitt handverk.

På sine målarferder langs fjordane i vest kom dei også til Tveiterås i Samnanger, og her gav dei impulsen til det handverket som slo rot i Os-bygdene gjennom målarmeistrane og rosemålarane Ola Lien Midtbø og Annanias Tveit.