Hans Sande fekk fram latter og refleksjon hjå publikum i Lyngheimtunet.
Hans Sande fekk fram latter og refleksjon hjå publikum i Lyngheimtunet.

Lyrikk, latter og ettertanke

- Alt kan bli til dikt, sa forfattar Hans Sande då kan vitja Lyngheimtunet førre fredag.

Sande framførde dikt om alt frå beinrestar som vart til kvinnfolk, til ferjesveler og desimering.

- Ofte stiller eg meg spørsmålet: Kor lenge kan eg halda på? Eg er snart 70. Eg skal berre bli 69 først, så er eg klar, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sande las først og fremst dikt frå den nye samlinga si, «Kunsten å somle», som vart utgjeven tidlegare i år. Samlinga har fått gode kritikkar. Ronny Spaans frå Dag og Tid skriv til dømes følgjande: "Det er dette opne blikket - ofte i kombinasjon med ein humoristisk tone - som tiltalar ved samlinga. Alt vert inkludert i Sandes magiske univers, og samstundes plassert i eit attkjennande vestlandsk landskap".

- Som diktar har ein stor fridom. Det er eit stort og ope landskap, sa Sande før han baud på nok ei lyrisk betraktning frå diktsamlinga.

- Klapp ein gong då, så eg får slappa litt av, var oppmodinga frå Sande til publikum.

Kvelden starta med eit musikalsk innslag av Hallvard Lyssand og Aasmund Brekke.
Kvelden starta med eit musikalsk innslag av Hallvard Lyssand og Aasmund Brekke.

Publikum lét seg ikkje be to gongar.

Etter Wirkola

Arrangør Vidar Bratlund-Mæland fortalde at han alltid har vore svak for dikta til Sande. Han var ikkje åleine om det. Mor hans, Bente Bratlund, sa at ho hadde vore fan av Sande sidan den første boka hans, «Strime», kom i 1969.

- Eg fekk boka til 18-årsdagen min frå ei veninne, sa Bratlund og la til:

- Sidan har eg vore heilt betatt. Eg veit ikkje om det er av Hans eller av «Strime». Kanskje begge delar, sa forfattaren.

- Så mams, klarar du å følgja opp dette? spurte Bratlund-Mæland etter at Sande var ferdig med sine dikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir som å hoppa etter Wirkola, vedgjekk Bratlund, før ho tok sats og byrja å lesa.

Bratlund las mellom anna diktet «Mitt hjarte har mange rom» frå den nye diktsamlinga si. Boka er ikkje komen ut enno.

Bratlund-Mæland fortalde at han planlegg fleire slike lyrikkveldar i tida som kjem.

- Det vert litt ulike tema frå gang til gang, sa han.

Hans Sande vart fødd i Bergen i 1946.

Sande er utdanna lege med psykiatri som speisalfelt, men i 1969 - 23 år gamal - debuterte han med diktsamlinga «Strime». Sande fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for samlinga.

Hans Sande har skrive 40 bøker, både romanar, diktsamlinger og ei rekkje bøker for barn og ungdom. Forfattaren arbeider også som biletkunstnar, og har illustrert fleire av barnebøkene sine.