Må avlysa: Sjølv med dei mest optimistiske vaksineprognosane til grunn, vert det ikkje høve til å arrangera Strandvikmarknaden i år.

Må avlysa Strandvikmarknaden - ser fram mot neste år

Ein skuffa marknadsgjeng må innsjå at årets Strandvikmarknaden må avlysast.

– Strandvikmarknaden 2021 skulle bli fantastisk. No ser ein skuffa marknadsgjeng at ein ikkje - sjølv med dei mest optimistiske vaksinasjonsprognosane til grun - kan arrangera ein marknad for alle i slutten av mai. Og denne marknaden skal vera for nettopp alle. Difor har me i marknadsgjengen vurdert det slik at me er nøydde til å avlysa årets marknad, konstaterer Peter-Hans de Zwarte.

Men han kjem samstundes med ei gladnyheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me satsar for fullt neste år. Så set av datoen 28. mai 2022. Då slår me til med ein marknad ein to års pause verdig!

Neste år: Marknadsgjengen har alt no bestemt seg for å satsa for fullt til neste år.