Boka om Magnus Askvik er særs velskriven og teiknar eit varmt og nyansert bilete av heidersmannen, skriv Kjell Harald Lunde.
Boka om Magnus Askvik er særs velskriven og teiknar eit varmt og nyansert bilete av heidersmannen, skriv Kjell Harald Lunde.

Magnus Askvik - ei minneverdig minnebok

Lars Olav Fatland har skrive ei herleg bok om skulemannen, samfunnsbyggjaren og svigerfaren Magnus Askvik. Å lesa denne boka er som å gjenoppleva barneåra på Søre Neset - og å møta att skulestyraren, Askvik'jen.

Magnus Askvik var knytt til Søre Neset skule frå 1929 til 1968. I over ein mannsalder skulle han vera med å prega oppveksten til sørenesingane og livet i krinsen. Osingane elles kjende han som klokkaren; han var klokkar i Os kyrkje i over tretti år. Han sat også i kommunestyret i to periodar.

Gripande

Lærar Magnus Askvik - Askvik'jen - var ein mann med stor forteljarglede. Og han let seg riva med i det han sjølv fortalde. Magnus Askvik kom tett på fleire traumatiske hendingar i krigsåra. Forfattar Fatland fortel at det tok lang tid før Askvik'jen klarte å snakka om dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi som hadde han som lærar på seksti-talet, spurte han ofte om han kunne "fortelja frå krigen". Kva fag som sto på timeplanen, var ikkje viktig. Og han gjorde det gjerne, på ein så gripande måte at det batt seg fast i barnesinna. Han skildra fleire gongar då det canadiske bombeflyet naudlanda på ein liten åkerlapp nett overfor for skulehuset hausten 1944. Han sto i vindauget og såg flyet koma skridande i retning mot skulen, men så tok den eine vengja nedi, og flykroppen dreia rundt og stogga. Magnus Askvik sprang opp til flyvraket og kom i kontakt med flymannskapet. Han var snartenkt og fekk skyssa dei til fots mot Bjørnen før tyskarane rakk å koma på pletten.

Til alle lukke var lærar Askvik engelsk-kunnig. Seinare vart fykarane tekne hand om av lokale motstandsmenn, og dei kom seg velberga over til Shetland.

Brende seg fast i sinnet

Magnus Askvik fortalde også om den fire månader gamle guten Jan Gunnar Grindevoll som miste livet i skulehuset på Søre Neset. Småguten og foreldra budde i andre høgda. Eit tysk krigsskip i Bjørnefjorden skaut granatar inn over land. Den eine gjekk gjennom taket på skulehuset. Då lærar Askvik som første mann tok seg inn i rommet der granaten hadde råka, såg han at den hadde landa i vogga der guten låg og sov. Jan Gunnar var drepen. Lærar Askvik sprang mot Hauglandsbutikken for å ringja til tyskarane for å stogga skytinga. På vegen møtte han den inkje-anande mora og laut fortelja henne om vesleguten.

Forfattar Lars Olav Fatland skildrar mangt og mykje som Magnus Askvik hadde ein finger med i - både i og etter skuletida.
Forfattar Lars Olav Fatland skildrar mangt og mykje som Magnus Askvik hadde ein finger med i - både i og etter skuletida.

Desse og fleire andre krigs-forteljingar brende seg så fast i sinnet at eg seinare skreiv særoppgåve berre ut frå det lærar Askvik hadde fortald.

Ikkje alt i livet er lyst

Elles var Askvik'jen ein meister i å fletta inn små anekdotar knytt til oss som gjekk på skulen. For eksempel minna han meg og søskena mine om at mor og far var det første brureparet som vart vigd i Os-kyrkja etter freden i 1945.

Livet skulle også butta imot for Magnus Askvik. Han mista den første kona si i barsel. Det vesle barnet overlevde heller ikkje fødselen. Dei vart lagde i same kiste. Dette fortalde han til oss elevar medan tårene rann nedover kinnet. For ein styrke han må ha hatt - som ville dela eit så lagnadstungt og personleg minne med oss skuleelevar. Han må ha kjend på at også vi born har godt av å få fortald at ikkje alt i livet er lyst.

Hasardiøse flystunt

Lærar Askvik hadde også eit rikt repertoar av muntre soger og velklingande sitat. Det var eit ordtak - knytt til arbeidet med grunnlova i 1814 - som han nemnde ofte og med stor glede: Hugs at Gud er attåt.

Forfattar Lars Olav Fatland skildrar også mangt og mykje anna som Magnus Askvik hadde ein finger med i - i og etter skuletida: Idrettsleikar, skogplanting, juletrefestar og 17.-maifeiring. Han fortel også om sønene til Magnus Askvik, Ingemar og Ottar, som var jagarflygarar i Forsvaret, og som på femti- og sekstitalet fascinerte skrekkslagne sørenesingar med hasardiøse flystunt. Dei stupte loddrett ned frå himmelen, men klarte på mirakuløst vis i siste liten å snu flykroppen oppatt før den traff bakken. Og dei fauk lågt over sjø og land.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svarte eksosstriper i snøen

I boka refererer Fatland til historia om den lokale bakaren som låg ut på Bjørnefjorden og fiska då ein av Askvik-brørne kom fylkande: "Bakaren hadde kvit skjorte på seg. Den tok han av og feste til ei åre og vinka med som helsing til piloten. Då flyet tok av med retning Sola, oppdaga bakaren at skjorta, som hadde vore kvit, var blitt sotfarga av eksosen frå flyet".

Ein annan, liknande episode som sørenesingane snakka mykje om, er utelaten i boka. Ein av Aksvik-brørne fauk så lågt innover Hauglandssundet at han måtte stiga opp for å gå klar skulehuset og Heio. Om det er sant at flyet fauk under lysstrengene, skal vera usagt. Iallfall var flyet så nær bakken at svarte eksosstriper viste att i snøen. Pappa Askvik var synleg stolt av dei dumdristige manøvrane til sønene.

- Særs velskriven

Boka om Magnus Askvik er særs velskriven. Skulle eg sakna noko, måtte det vera at endå fleire personar som er omtalte i boka, var nemnde med namn. Og det hadde vore gildt om vinnarane på vandreskjoldet frå friidrettstevlingane på Søre Neset, som Askvik la stor vekt på, hadde vore lista opp.

Boka teiknar eit varmt og nyansert bilete av heidersmannen Magnus Askvik. I tillegg skildrar boka på attkjennande måte korleis det var å veksa opp i ein krins i Os som Søre Neset på tretti-, førti-, femti- og sekstitalet.