Majorleap gjorde ein svært god konsert på fjorårets Osfest. 10. august er prog-rock-kvintetten tilbake.
Majorleap gjorde ein svært god konsert på fjorårets Osfest. 10. august er prog-rock-kvintetten tilbake.

Majorleap returnerer til Osfest

Bergensbandet Majorleap er igjen klar for Osfest.

Gutane gjorde ein knallkonsert på scenen i Os i fjor. No er kvintetten invitert tilbake. Majorleap spelar på Osfest fredag 10. august.

Etter fjorårets opptreden har bandet skrive fleire nye låter og vore i studio og spelt inn eit par av dei. Singelen «Stadium Potrait» vart sleppt no i vinter og vart kjapt lista på NRK P1, Ordentlig Radio, Kcss Turlock i Carlifonia og plukka ut av «Listen Hear Music» som ein av åtte låtar i «world wide-kategorien» for «freish new world indie».

Artikkelen held fram under annonsen.

Scenevande gutar

Majorleap spelte mykje rundt i 2017. I løpet av året delte dei scene med TNT, Nico & Vinz, Postgirobygget, Erik & Kriss, Julie Bergan og Unge Ferrari.

Debutplaten «The Idealist» hausta gode meldingar i fleire store aviser og musikktidsskrift.

Dei fire gutane frå Osterøy og kompisen deira frå Værlandet gler set stort til å spela i Os igjen denne sommaren.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no