Elevane viste stor glede på scena.
Elevane viste stor glede på scena.

Mamma Mia, for eit show!

Skodespelarar og regissørar smilte om kapp då den første av i alt to framsyningar av musikalen «Mamma Mia» var ferdig torsdag kveld.

Og for eit show ungdomane leverte.

Konferansierane sa på førehand at elevane var veldig spente, og at dei gledde seg til å visa seg fram. Det hadde dei all grunn til. Då den første av i alt to framsyningar var over, kunne elevane i 9. og 10. trinn ved Os ungdomsskule ta i mot hyllesten frå eit fullsett Oseana. Og det vart, som fortent, ståande applaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Drama og romantikk

Elevane på valfagsgruppa «Sal og scene» har sidan i haust arbeidd med musikalen «Mamma Mia».

I Oseana i kveld tok elevane publikum med til den greske øya Skopelos. Her bur Sophie i lag med mora si, Donna. Sophie skal gifte seg, og vil gjerne invitera faren sin i bryllaupet. Problemet er berre at Donna ikkje veit kven faren til Sophie er.

«I Believe in Angels», «Dancing Queen», «Take a Chance on Me», «Volez-Vous» og «Our Last Summer» var berre nokre av ABBA-låtane tilhøyrarane i salen kunne nynna med på.

Sophie skal gifta seg, og viser fram ringen til veninnene sine.
Sophie skal gifta seg, og viser fram ringen til veninnene sine.
Sophie har funne dagboka til mora, og les om kva som hende sommaren før ho vart fødd. Prikk, prikk, prikk...
Sophie har funne dagboka til mora, og les om kva som hende sommaren før ho vart fødd. Prikk, prikk, prikk...
Mor til Sophie, Donna, får også besøk av sine veninner i samband med bryllaupsfeiringa.
Mor til Sophie, Donna, får også besøk av sine veninner i samband med bryllaupsfeiringa.
Tre potensielle fedre kjem til øya.
Tre potensielle fedre kjem til øya.
Etter første akt, byta ein om på nokre av skodespelarane.
Etter første akt, byta ein om på nokre av skodespelarane.
Showet er over. Om kort tid står neste framsyning for tur.
Showet er over. Om kort tid står neste framsyning for tur.
Stor jubel når regissørane Janie Froestad Laupsa og Tonje Thorsnes Nybrot entrar scena.
Stor jubel når regissørane Janie Froestad Laupsa og Tonje Thorsnes Nybrot entrar scena.
Ståande applaus frå dei frammøtte.
Ståande applaus frå dei frammøtte.
Vokalgruppa frå Os kulturskule avslutta med songen "Than You For the Music".
Vokalgruppa frå Os kulturskule avslutta med songen "Than You For the Music".

I tillegg baud framsyninga på ei rekkje dansenummer, og, som seg hør og bør, mykje drama og romantikk.

Stor innsats

«Sal og scene»-elevane har fått hjelp frå elevane som har valt «design og redesign» som valfag til å laga rekvisittar og kulissar. Ein seglbåt, eit soverom, ein palme og ein benk, var berre noko av det dei hadde bidrege med. Elevane fekk også hjelp frå eit band som var sett saman for anledninga, og ei vokalgruppe frå Os kulturskule.

Janie Frostad Laupsa og Tonje Thorsnes Nybrot har stått for regien på musikalen. Duoen har heilt tydeleg lagt ned ein stor innsats med elevane. Det var ikkje mykje «rusk» å spora i den første framsyninga, og truleg ikkje i den siste heller.

Etter å ha stått på scena i over ein time, bar det nemleg rett over i neste framsyning. Det var med andre ord ingenting å seia på viljen og pågangsmotet til dei ferske skodespelarane.

Elevar, foreldre, lærarar, søsken, besteforeldre og kven det måtte vera har all grunn til å vera stolt i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no