Laurdag kan dei den som synest det er lenge å vente til august og Osfest oppleva Maya Vik på Landmark i Bergen.
Laurdag kan dei den som synest det er lenge å vente til august og Osfest oppleva Maya Vik på Landmark i Bergen.

Maya til Landmark

Maya Vik speler laurdag sin første konsert i Bergen på to år

- Dette blir supergøy! Eg gler meg masse, masse! Lovnaden er det Maya Vik som sjølv kjem med, i ei kort melding til Os og Fusaposten, midt under fotoopptak måndag.

Nyheiter på trappene

Den kritikarroste bassisten og vokalisten frå Os har dei siste åra satsa alt på ein internasjonal solokarriere og er ei travel dame. Ho har alt sleppt to album og ein EP, og opplyser at ho har ei rekkje nye innspelingar klare for fansen i 2016. Karrieren hennar starta som bassist i jentebandet Furia, som alltid gjorde eit poeng av sin bakgrunn frå Os Rock City.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare høgdepunkt inkluderer turnéar og festivalar i store delar av verda, samt sceneopptredener med Lenny Kravitz, Dâm-Funk og Paul Waaktaar-Savoy.

Har med favoritt-DJ

Maya har med seg sin favoritt-DJ Teddy Touch når ho laurdag speler sin første konsert på to år i Vestlands-hovudstaden. Han bidreg med musikk før og etter konserten.