Bjørnafjorden Bryggeri har alle løyve på plass. No startar brygginga for sal.
Bjørnafjorden Bryggeri har alle løyve på plass. No startar brygginga for sal.

Med øl på menyen

Laurdag er det øl på menyen, og berre bittelitt attåt i Oseana. Ølfestivalen vert runda av med kåringa av dagens heimebrygg.

Dei byrja å bryggja på ideen i fjor haust. Laurdag er Oseana Ølfestival eit faktum. Målet er å bli ein verdig veslebror til den litt større Bergen Ølfestival.

- Det er på tide at Os får sin eigen ølfestival. Me har lagt opp til eit breitt program med ølsmaking, matservering,føredrag knytt til ølbrygging og ein liten heimebryggjings-konkurranse mot slutten, seier arrangementssjef i Oseana, Berit Steen.

Artikkelen held fram under annonsen.

26 deltakarar

26 bryggarar eller bryggelag er klare for heimebryggkonkurransen. Dette er altså berre for amatørar.

- Me har fått stor respons på denne konkurransen. Deltakarane har alt sendt inn brygget sitt, og vert i desse dagar prøvesmakt av vår jury leidd av Tarjei Skei frå Os, fortel Berit Steen.

Vidare fortel ho at det vert tre føredrag.

- Først vert det eit føredrag av Gahr Smith-Gahrsen, som er bryggerimaster for 7 Fjell, deretter fortel Stian Krog litt om ølfestivalen i Bergen, før Hugo Ivan Hatland fortel litt om boka si «Den Norske Ølrevolusjonen», fortel Steen.

Elles vil eitt stort og åtte mikrobryggeri vera representerte i Oseana. Det store er Hansa Borg. Dei mindre er 7 Fjell, Lysefjorden, Kinn, Voss, Balder, Ægir, Baran, Waldemars og Nøgne Ø.