Minnerik tur til Steindalssætra

I helga var Barnas Turlag i Os på ein kjekk overnattingstur til Steindalsætra.

Seks born og seks vaksne starta overnattingsturen til Steindalsætra laurdagsføremiddag. Turen gjekk frå Midtsæter, langs traktorvegen og innover mot Steindalsvatnet. Etter omlag tre kvarter var store og små nøgde med å ha kome fram til ei koseleg hytte. Hytta er eigd av Os Ungdomslag, og brukast mykje av både turlaget i Os og andre lag.

Ballspel og leik

Bålet vart tent så fort sekkane vart sette vekk, og grillinga av pølsar kunne byrja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei god stund med ballspel og leik, var det duka for middag.

Då laurdagssnopet seinare vart satt på bordet, var det ikkje mykje misnøye å spora. Rundt bordet var det feststemning.

Ein etter ein vart ungane trøytte, og forsvann i seng.

Ingenting på kroken

Neste dag måtte nokon vaska og rydda hytta, medan andre var heldige og fekk gå ned til Steindalsvatnet og fiska. Noko fisk vart det ikkje, men ungane var glade uansett.

På veg heimatt hadde dei nokre sjokoladepausar før dei var tilbake på Midtsæter.

Alle meinte det hadde vore ein kjekk tur.