Misliker lange konsertar

Som publikumar misliker Elvira Nikolaisen lange konsertar. Men ho lovar å gje alt når ho sjølv står på scena under Osfest.

- Uff, eg kan fort kjeda meg, få vondt i ryggen og byrja sjå på klokka. Konsertar bør ikkje vera for lange, ler El-vira Nikolaisen og legg ut om sin elsk for korte, inten-sive punkrock-konsertar.

- Du veit, slike show som eksploderer i energi, men er over nesten før du veit kva som trefte deg. Då rekk ein i alle fall ikkje å kjeda seg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjentfolk

Det er fyrste gongen Moi-artisten opptrer i Os. Ei bygd ho har ein god del kjentfolk i.

- Ja, eg håpar eg greier å samla troppane til konsert. Ein ven av familien her i Os er ein svært god fotograf, så kanskje han kjenner si vitjingstid og dukkar opp med kameraet, seier ho.

Elvira er forresten ein ivrig hobbyfotograf sjølv. Om ho ikkje knipsar frå scenekanten, håpar ho i alle fall å få foreviga nokre motiv frå Os-bygda.

Hver gang vi møtes

Elvira Nikolaisen slo gjennom med eit brak med plata «Quiet Exit» i 2006. Låtar som «Egypt song» og «Love I can't defend» herja radioen. Same året kom også duetten «Floden» med Bjørn Eidsvåg.

Neste plate kom ikkje før i 2011, og i 2012 deltok ho i TV 2-programmet «Hver gang vi møtes». Året etterpå gav ho ut den kritikarroste jazz-plata «I concentrate on you».

- Kva fekk deg til å skifta stil frå pop til jazz?

- Eg liker å tenkja at jazzplata ikkje var så langt unna det eg har gjort før. Popmusikken min har aldri vore redd for å romme blå tonar. Når det er sagt så elskar eg også den mest banale forma for pop, så det handlar ikkje om å vera ein musikksnobb. Eg vil halda fram med å spela det som er naturleg for meg, seier ho.

Blå tonar

- Blå tonar, seier du. Har du ein hang til det melankolske?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, eg har nok mange balladar, men det er rom for både lys og mørke i låtane mine. Eg elskar romantikk og lidenskap også. Livet rommar jo alle nyansar, og pop er så deilig nettopp fordi han ikkje er redd for å vera noko av alt dette.

Til Os kjem Elvira med fullt band og to kvinnelige koristar.

- Alt blir sentrert rundt våre tre jentevokalar. Det er ei enorm glede å synga ilag med nokon som læt så bra, skryt ho.

Ømt punkt

- Kva ny musikk liker du?

- Hm, du trykkjer på eit ømt punkt. Eg har skjent litt på meg sjølv for dette i det siste. Mange klagar over musikkbransjen, gratis strømming og dårlege vilkår for artistane. Eg tenkjer at eg får byrja med meg sjølv, gå på konsertar igjen etter gamalt og utforska nye stemmer. Problemet er at eg er så glad i gamal musikk at eg må pusha meg sjølv litt for å testa noko nytt.

- Heilt til slutt, kva anna skal du gjera i Os enn å opptre?

- Eg veit ikkje om eg får oppleva noko anna, men eg likar veldig godt å vita kva muligheiter som finst. Så det må eg sjekka ut, seier ho.