Gjengen i skulekorpset koste seg godt i Bø Sommarland. (Alle foto private)
Gjengen i skulekorpset koste seg godt i Bø Sommarland. (Alle foto private)

Musikals sommertur til Bø

I lag med 40 andre korps fekk Nore Neset skulekorps ein fantastisk helg på Sommarfestivalen i Bø.

Den årlege Sommarfestivalen i Bø i Telemar samlar kring 1.500 korpsmusikantar. Frå Nore Neset skulekorps stilte dei med 25, inkluldert dirigent Kjersti Aak Garlid.

Flott parade

Festivalen starta med flott parade fredag gjennom Bø sentrum. Her vart det spelt to fellesnummer, «Norge i rødt hvitt og blått» og «Ja, vi elsker».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var eit flott syn med 41 korps på rekkje og rad gjennom sentrum, seier leiar i korpset, Ingunn Fykse.

Ho legg til at fleire va dei unge i gjengen synest det var spesielt og kjekt å marsjera i lag med så mange andre.

Variert program

Sommarfestival-programmet var variert og spennande. I tillegg til å spela fleire konsertar, mellom anna på Sønstebøtunet og i Bø Sommarland fekk musikantane frå Nore Neset vera med på fleire andre kjekke ting, som til dømes ein real herleg badekøkt i dadelandet, Bø Sommarland.

Korpset hadde eiga konsert i Bø Sommarland.
Korpset hadde eiga konsert i Bø Sommarland.
Emma Ringeling fekk koma opp på scenen med underhaldningsartisten.
Emma Ringeling fekk koma opp på scenen med underhaldningsartisten.
Dei blåkledde gjer seg klar for paraden i Bø sentrum.
Dei blåkledde gjer seg klar for paraden i Bø sentrum.

Laurdag kveld var dei på diskotek og fekk også med seg ein konsert med Tov & The Pacemakers, og show med den populære buktalaren, Erik Mogeno.

Godt selskap

Søndag ettermiddag bar det heimover igjen med buss.

- Turen var lang, men i godt selskap går det greitt. Borna koste seg med bingo og fortalde røvarhistoriar til kvarandre, fortel Fykse.

Turen til Bø var avslutningen for dirigent Garlid.

- Ho har vore dirigent-vikar når vår faste dirigent har vore i morspermisjon. Me må nytta høvet til å takka Garlid for den flotte innsatsen ho har langt ned for skulekorpset vårt, seier Fykse.