På tur: Eikelandsfjorden musikklag anno 2022. Her fotograferte under ein sjeldan tur til Samnanger med gjestedirigent Russel Gray.

Musikalsk bursdagsfest: 120 år med messing skal markerast

Laurdag fleskar Eikelandsfjorden musikklag til med jubileumskonsert i bygda si storstove – Eikelandsfjorden samfunnshus. Dette vert ein kveld der korpsmusikk og høgdepunkt frå mellom anna 70-talet vert serverte på ein nye og forfriskande måte.

120 år med messing skal markerast. Med seg på denne musikalske festen har dei bandet Walking Fields med den eminente songdivaen Synnøve Austestad, samt tungvektaren på tuba, Eirik Gjerdevik. Sistnemnde er mellom anna kjent for si tolking av «Humlens flukt» iført humlekostyme. Dei som har opplevd dette har vorte merkt for livet.

Dei 20 medlemene i musikklaget ser fram mot konserten med forventning og begeistring (pluss litt naturleg prestasjonsangst). Den eminente dirigent Oddvar Nøstdal vil stira olmt på samtlege for å få dei til å yta sitt yttarste. Terje Raunsgard vil trygt losa festlyden gjennom det musikalske landskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laget er første gong nemnt då det spela til brudlaups for Ole og Johanna Bakke på Fusa i 1902. Sidan den gong har laget alltid vore der og spela til høgtid og fest, i glede og somme tider også i sorg.

Musikklaget har overlevd den harde spanskesjuka, 30-åra, krigen og no sist koronaen. Musikalsk har messingblåsarane også stått av både charleston, sving, skjeggjazz og norsktopp.

Ikkje nok med dette: Minst tre gonger har religiøse ofsar skylt over bygda, som med flammande tordentale og Johannes Openberrings ville hestar tok med seg hardingfeler, heimebrent og kortspel i ordflaumen. Og ofte stod ikkje eingong eit avblømd notestativ att etter vekkingane sine herjingar.

Men like sikkert som at flaskehalsane dukka opp i vassyta som korka dykkender etter at ein har kasta dei på sjøen, like sikkert kom kornettar og tuba oppatt frå djupet, og slo ringar i vassyta og kulturlivet i bygda. Euphonium og trombone vart polerte og notar kom fram att frå klesskåp og finkister. Og litt etter litt kom laget saman igjen for å lesa musikken av frå notane og frå dirigentstokken sine rytmiske teikn i lufta.

I ein av dei djupaste bølgjedalane, som 17.mai 1965, var det ikkje musikk i det heile, eit vondt minne som enno får korpsinteresserte til å grøssa.

Men til slutt har alltid nokon teke grep.

Som til dømes Jan Bakke – ein av mange som har sett sitt merke etter seg i forteljinga om laget vårt. Den sindige heidersmannen som gjekk på dørene til folk, snakka om ver og vind, og kom tilfeldig inn på dette at no skulle me fått liv i laget att.

Noko kornettviritouos var han ikkje. Like god til å spela kornett som å køyra traktor. Og god til å køyra traktor var han ikkje, har nokon som kjende han godt fortald. Men no har ikkje musikk - eller for den del kulturglede - nødvendigvis noko med prestasjonar å gjera. Den gode Bakke hadde skjøna noko som det for nokre tek eit heilt liv å skjøna: «Me må komma i hug at det å ikkje berre leva av noko, men og for noko, det er utruleg viktig for eit lukkeleg liv».

Artikkelen held fram under annonsen.

Vakrare kan det ikkje seiast. Og vel verd å minna kvarandre på i desse tider med økonomisk nedtur og skremmande uro i vår verdsdel.

Om soga til bygda vår skulle brettast ut i all si filmatiske breidde, hadde filmmusikken garantert vore brass. Frå ei tid då dampbåten var den einaste utfartsåra frå blankskurde skarv, og det lukta røykos og sardiner på boks på Neset, til dagens moderne samfunn, har musikken vore der. Somme gonger fremst, ofte i bakgrunnen, men alltid til stades.

Forklaringa på at Eikelandsfjorden musikklag har eksistert i 120 år er den same som då som no: Pur musikkglede, det å få noko til i lag med andre – og finna tonen, på tvers av ideologiar, livssyn og tidsepokane som rullar forbi oss. Musikk bryr seg ikkje om slike hinder og er difor alltid like ny. I dette ligg noko av magien.

Eikelandsfjordingar – gamle, nye og utflytta – samt andre gode fusingar, er med dette innbydde til musikalsk bursdagsfeiring laurdag. Alle er hjartans velkomne.

Eikelandsfjorden musikklag