Nils Sveinsson Holmefjord, Terje Søviknes, 8. mai Minneparken
Ordførar Terje Søviknes takka Nils Sveinsson Holmefjord for songen.

8. mai i Minneparken:

Nils (13) rørte ordføraren til tårer

Med klokkeklar røyst skapte 13-åringen frå Hålandsdalen ein sterk og rørande augneblikk.

Publisert Sist oppdatert

Nordal Griegs "Til ungdommen" gjer alltid inntrykk, men formidla av 13 år gamle Nils Sveinsson Holmefjord, var det som orda fekk nytt innhald. 

Ein av dei som vart tydeleg rørt, var ordførar og dagens konferansier, Terje Søviknes. Då han etterpå tok ordet, var det med ein god porsjon klump i halsen. 

— Tusen takk! Det var sterkt og flott, sa han. 

Fem år etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina, er verdssituasjonen endå meir spent og uroleg. Noko både Søviknes og dagens hovudtalar,  Insaaf ali Ismail frå FN-sambandet, var innom. Sjølv kom ho til Norge frå Somalia som FN-flyktning to år gamal. 

— Fred er ikkje noko som berre er der. Det må jobbast for. Og fridom er ikkje noko vi berre arvar, det må aktivt vidareførast til komande generasjonar, sa ho. 

Som alltid vart det lagt ned kransar og blomar på dei ulike minnesmerka, både etter 2. verdskrig, Grunnlovas 100-årsjubileum, Marie Østrem og dei frivillige, samt krigsgravene på Os kyrkjegard. 

Elevar frå Os ungdomsskule stilte med flaggborg, og 3. klasse frå Os barneskule song "Vi-sangen" og "Mellom bakkar og berg". 

Dirigent var lærar Liv Gullaksen Strømsvåg. 

— Tusen takk, så flinke de er. Og skikkeleg kraftfulle, sa Søviknes og takka borna for songen. 

Formidlingskunst

Etter avslutta program tok han med seg ein bukett bort til Nils og takka så mykje for den vakre songen. 

— Ja, eg blei verkeleg rørt. Det var noko med måten han formidla på, sa Søviknes før klumpen i halsen tok han på nytt.

Også dirigent og trompetist Helge Haukås kom fram og takka. Han la handa på hjartet for å visa kva han kjende. 

— Det var så sterkt framført. Det ligg ei meining bakom orda. Nei, dette er formidlingskunst, rett og slett, sa han. 

Nils fortel at han var litt nervøs på førehand, og skalv litt undervegs. I tillegg er 8. klassingen komen i stemmeskiftet, noko som kunne ha blitt ei utfordring for songaren.

— Men det gjekk fint. Eg merkar eg blir mindre og mindre nervøs for kvar gong eg opptrer. Dette var kjekt, seier han og vinkar ned til mor og besteforeldre som har teke den lange turen frå Holmefjord. 

Powered by Labrador CMS