- Mari Lyssand heldt foredrag for Fusa senioruniversitet om virtuosen og nasjonsbyggjaren Ole Bull.
- Mari Lyssand heldt foredrag for Fusa senioruniversitet om virtuosen og nasjonsbyggjaren Ole Bull.

Om skaparen av Seterjentens søndag

? Ole Bull gav oss det me trong, då me trong det mest: Sjølvtillit! Slik oppsummerte Mari Lyssand sitt foredrag om virtuosen og nasjonsbyggjaren Ole Bull, og verknaden av den verdsberømte fiolinisten på det norske folk.

Lyssand tala for Fusa senioruniversitet 21. februar, på Kongen sin 80 årsdag, og antyda likskap mellom to menn som samlar folket.

Ole Bull spelte for kongar, keisarar og den russiske tsaren, men understreka alltid at han var frå Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dei adelege var hans norske folketonar og hardingfela han spela på, noko eksotisk. Og hans personlegdom medverka til å gjera han til ein ettertrakta kunstnar.

Gjennombrotet

Etter ein opptreden i Bologna i Italia i 1843 kom gjennombrotet, og etter det feira han tallause triumfar overalt i Europa og i USA. Han kalla seg Ole Olsen Fiolin frå Noreg og gjorde sine landsmenn stolte.

Det byrja i Bergen der han blei fødd i Svaneapoteket, som eldste son av apoteker Johan Storm Bull. Det blei tidleg klart at guten hadde eit veldig stort talent for musikk. Studietida ved universitetet i Kristiania brukte han mest på fiolinspel i orkesteret til sine professorar. Ganske snart reiste han til Paris som jo var ein naturleg stad å vera for kunstnarar. Men om sumaren drog han til familiestaden på Valestrand der han boltra seg med sine mange brør.

Eli Dalland, leiar for Fusa senioruniversitet.
Eli Dalland, leiar for Fusa senioruniversitet.
Styremedlemer og varafolk; André Cornax (f. v.), Olav Dale, Kunt Tveitnes, Harald Hjartåker og medlem av valnemnda, Einar Rasmussen.
Styremedlemer og varafolk; André Cornax (f. v.), Olav Dale, Kunt Tveitnes, Harald Hjartåker og medlem av valnemnda, Einar Rasmussen.

Der gjekk brurefylgje forbi på veg til Hamre kyrkje, og han lærte folkemusikken frå spelemenn på Osterøy. Seinare sa hans store musikarven Liszt om Ole Bull, som kunne måla seg med fiolinvirtuosen Paganini, at han var på sitt beste når han spela norske folkemelodiar.

Ole Bull levde i ei tid då det å overgå andre i virtuositet var det store i Europa. Men ein skulle også kunna by på noko personleg. Det kunne Ole Bull til gagns!

Og det knyter seg mange historier til fiolinisten, som den gong han søkte om ei stilling i eit av Paris sine orkester. Då han blei beden om å spela eit musikkstykke, spurde han: "Skal eg spela notane forlengs eller baklengs?" Og det blei sagt at vaksne menn grein og damer dåna når han spela.

Noreg opplevde ei kulturell blomstring i Ole Bull si tid. Asbjørnsen og Moe, Ivar Aasen, J.C. Dahl bidrog kvar på sine vis til å byggja opp norsk identitet. Ole Bull henta Myllarguten frå Telemark og påpeika at "Dette er det norske!". Han tok bruksmusikk til scenen, og ba folk lytta til denne. Sjølv komponerte han Seterjentens søndag som alle kom til å syngja. Han stifta teateret i Bergen i 1850 der alt skulle vera norsk. Det mislikte konservative bergensarar, som var van med skodespel på dansk, men ålmenta jubla!

30.000 i gravferda

Ole Bull døydde i 1880 i musikksalen på Lysøen, med ein bukett lyng i hendene. Han fekk ei "kongegravferd" i Bergen, den største nokon gong. Kista blei frakta med skip med ein kortesje av dampskip inn Vågen. Butikkane var stengt og 30.000 menneske møtte opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnstjerne Bjørnson heldt tale. Han syntest det var flott at Ole Bull vart æra. "Men større er det å være elsket!", meinte han. Og det var vel det som har gjeve Ole Bull den spesielle plassen i norsk historie.

- Han kunne lyfta sitt publikum, og - likt ovanfor kongar eller slåttekarar - gav han deg kjensla av at du var den einaste og viktigaste, avslutta Mari Lyssand.

Etter foredraget heldt Fusa senioruniversitet sitt årsmøte der fleire styremedlemer og varafolk vart takka for sin innsats med ord og med eit krus med organisasjonens nye logo på.

Fusa senioruniversitet

Bjørghild des Bouvrie