Lokal utstillar: Inga S. Søreide er den mest lokale kunstnaren i utstillinga. Ho er lærar for visuell kunst i Bjørnafjorden kulturskule, og har laga ein skulptur i akrylresin og keramikk. Skulpturen heiter «Fem famnar djupt».

Opna årets sommarutstilling: Gamle meistrar møter samtid, spel og fantasy

Mange var møtt fram for å få med seg opninga av årets sommarutstilling i Oseana.

Utstillinga ber namnet «Sølvpust – Myter, fantasy og romantikk» og er ei blanding av dei gamle meistrane sine nasjonalromantiske verk og meir moderne tolkingar av det same.

– Vi ser mykje inspirasjon frå nasjonalromantikkens måle- og teiknekunst i dagens spel- og fantasysjanger. I utstillinga har vi blanda det som finst av nasjonalromantisk kunst i Griegsamlinga med eit meir moderne uttrykk, henta frå mellom anna spel, fantasy og ein del samtidskunst, fortel kurator Jørgen Larsson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Larsson har mellom andre fått hjelp frå kunsthistorikar Tonje Haugland Sørensen med å setja saman utstillinga, og under opninga fredag hadde duoen ein samtale om kunstnarar si framstilling av mellomalderen frå nasjonalromantikken til i dag.

– Den norrøne mytologien og vikingane si historie - det er ikkje lenger berre Noreg og Norden som «eig» desse mytane. Det er blitt universelle myter som heile verda bryr seg om, seier Larsson og trekkjer fram videospelserien Assassin's Creed.

Samtale: Kurator Jørgen Larsson i samtale med kunsthistorikar Tonje Haugland Sørensen.

I tillegg til samtalen mellom Larsson og Sørensen, fekk publikum ta del i ein samtale mellom Kenneth Flage, som har vore spelfagleg rådgjevar for utstilling, og Kristian Bjørkelo om dataspel og inspirasjonen frå filosofien og kunsten i romantikken.

– Kva er det som er dragninga i desse spela? Jo, den overveldande opplevinga og det sublime, akkurat som i måleria i nasjonalromantikken, seier kuratoren som syntest det var veldig hyggeleg at så mange tok turen til fredagens utstillingsopning.

«Sølvpust – Myter, fantasy og romantikk» er eit samarbeid med Grieg Foundation. Utstillinga vert ståande til søndag 13. august.

Kunstnarane som er representerte i utstillinga, er: Kiki Smith, Rina Charlott Lindgren, Bjørn Båsen, Vanna Bowles, Sverre Malling, Tom Kosmo, Johannes Høie, Inga S. Søreide, Lars Elling, Kim Diaz Holm, Even Mehl Amundsen, Gilles Beloeil, Anato Finnstark, Karakter Design Studio, Greg Rutkowski, Rain Games, D-Pad Studio, Yngvill Hopen, Steffen Øie, Nikolai Astrup, Peder Balke, Jon Bauer, Johan Jacob Bennetter, Knut Bergslien, Nils Bergslien, Erik Bodom, Ragna Breivik, Knud Bull, Knud Baade, Hans Dahl, JC Dahl, AK Dolven, Johan Fredrik Eckersberg, Johannes Flintoe, Hans Gude, Theodor Kittelsen, Ignat Komitov, Konstantin Kostadinov, Lul Krag, Krillbite Studio, Raphael Lacoste, Carl Peter Lehmann, Gerhard Munthe, Ørnulf Opdahl, Alf Rolfsen, Christian Skredsvig, Harald Sohlberg, Adolph Tidemand, Erik Werenskiold, Dann Yeau Choong Yap.