Anne Djupvik Andersen byrja å veva for snart tre år sidan. Ho fortel at vevinga gjev henne eit pusterom i kvardagen.
Anne Djupvik Andersen byrja å veva for snart tre år sidan. Ho fortel at vevinga gjev henne eit pusterom i kvardagen.

Oppdaga kunstvev på verdsveven

For snart tre år sidan byrja Anne Djupvik Andersen frå Nordvik i Lysefjorden å veva. Sidan den gong har ho utvikla ein heilt spesiell stil.

Andersen er utdanna interiørdesignar og grafisk designar. Vevinga er først og fremst ein hobby, men sidan starten for snart tre år sidan har interiørdesignaren, som driv bloggen Weave me away, fått mykje merksemd for arbeida sine.

Bolig Pluss, Rom 123 og onlinemagasinet NIBhjemme er berre nokre av dei som har oppdaga fingerferdigheitane til lysefjordingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vevinga var i utgangspunktet berre noko eg gjorde for meg sjølv, men det er veldig kjekt og smigrande at andre er interesserte i det eg held på med, seier Andersen.

Interiørdesignaren er oppteken av å ta vare på gamle tradisjonar og handverk. Difor synest ho det er ekstra stas når folk fortel at dei er vortne inspirerte til å starta med veving på grunn av ho.

- Interessa for handarbeid er tydeleg aukande, seier ho.

Anne Djupvik Andersen likar å eksperimentera med ulike teknikkar og material.
Anne Djupvik Andersen likar å eksperimentera med ulike teknikkar og material.
Perler, silketråd og fjær er berre nokre av materialane som finn vegen til vevprosjekta til Anne Djupvik Andersen.
Perler, silketråd og fjær er berre nokre av materialane som finn vegen til vevprosjekta til Anne Djupvik Andersen.

Pause frå kvardagen

Ein kunstvev på nettet, eller verdsveven som det i dette tilfellet er meir passande å kalla det, sette Andersen på sporet av vevinga.

- Eg har alltid vore ein kreativ person som likar å skapa ting. Då eg kom over arbeida til Maryanne Moodie til dømes, vart eg umiddelbart tiltrekt av den forma for handarbeid, fortel ho.

Andersen elskar å eksperimentera, og har heile tida prøvd ut nye teknikkar og materialar i vevingane sine.

- Eg lærar nye teknikkar, finn nye materialar og får ny inspirasjon frå andre vevarar. Den siste tida har eg byrja å leika litt med naturfarging av garn. Det er utruleg spennande, seier ho.

Samstundes har ho vorte meir og meir konsekvent når det gjeld eigen stil.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vert mykje kvite nyansar og gull, mykje struktur og tekstur, og gjerne litt sarte eller drøymande uttrykk, fortel

- Kva likar du best med arbeidet?

- Eg likar roa det gjev meg, og pausen frå kvardagen. Eg har stor glede av å skapa noko, og det er alltid spennande å la materiala bestemma og visa veg, seier Andersen.

Drøymefangarar og origami

Lysefjordingen, som for tida er busett i Bergen, gjekk på formgjevingslinja på vidaregåande, og har alltid vore oppteken av å skapa ting med hendene.

I tillegg til å driva med veving likar ho å halda på med såkalla Do it yourself- eller DIY-prosjekt.

- Eg lagar mykje forskjellig heime. Alt frå drøymefangarar og origami til tekst av metallstreng og oppussing eller fornying av gamle møblar, fortel ho.

Før jul hadde Andersen ein pop-up shop hjå Nordisk Rom på Osøyro, men ho tek hovudsakleg i mot bestillingar via nettsida si og Instagram.

- Nokre gongar sel eg ferdige vevingar, andre gongar arbeider eg med bestillingsoppdrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre dagar i veka arbeider Andersen som grafisk designar. Vevinga er som sagt berre ein hobby. Likefullt, arbeidet tek mykje tid.

- Det er godt å ha to dagar i veka der eg har høve til å fokusera på vevprosjekta mine, vedgår den kreative dama.