Ninna Marie Søvik hadde ikkje fått oppleva ei teaterframsyning sidan ungdomen, før «Fortrolige samtaler» blei streama frå Oseana torsdag kveld. - Veldig kjekt, seier ho, her saman med leiar for pleie og omsorg på Luranetunet, Aud Winsents.

Opplevde teaterframsyning for første gong sidan ungdomstida

Takk vere moderne teknologi, og eit pilotprosjekt mellom Riksteatret og Oseana, fekk Ninna Marie Søvik kosa seg med teaterframsyning i fellesstova på buavdelinga på Luranetunet.

Då Os & Fusaposten tok turen innom torsdag kveld, sat fleire bebuarar benka kring fjernsynet for å sjå «Fortrolige samtaler», som gjekk føre seg i Oseana, men som også blei direktesendt til Luranetunet og Bergen Røde Kors Sykehjem.

- Kva tid var du på teater sist?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er lenge sidan. Det må ha vore i min ungdom, seier Ninna Marie og legg til:

- Men eg har vore i Oseana på andre arrangement, og eg skal dit igjen før jul. Då kjem Bettan og Øyvind Blunck.

Håpar på fleire framsyningar

I fellesstova hadde dei gjort det koseleg med dempa belysning, levande ljos og både vått og tørt.

- Sjå kor koseleg dei har det, seier Winsents.
- Sjå kor koseleg dei har det, seier Winsents.
Koseleg stemning på både bu- og behandlingsavdelinga på Luranetunet.
Koseleg stemning på både bu- og behandlingsavdelinga på Luranetunet.
Riksteatersjef, Tom Remlov, ønskte publikum velkomen før han reiste vidare til Bergen Røde Kors Sykehjem, før han etter planen skulle vitja Luranetunet seinare på kvelden.
Riksteatersjef, Tom Remlov, ønskte publikum velkomen før han reiste vidare til Bergen Røde Kors Sykehjem, før han etter planen skulle vitja Luranetunet seinare på kvelden.

- Har du vore med å stella i stand?

- Nei, det har eg ikkje. Det er det personalet som har gjort. Vi har det så godt her. Eg har budd her i ni år og trivst godt, seier Ninna Marie.

- Kva synest du om dette tilbodet?

- Det er veldig kjekt. Eg håpar at dei får til fleire framsyningar.

Sosialt og hyggeleg

«Fortrolige samtaler» blei vist på buavdelinga og på behandlingsavdelinga. På begge avdelingane hadde dei gjort det koseleg i fellesstovene, men på behandlingsavdelinga var det også eit tilbod om å sjå teaterframsyninga på romma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar for pleie og omsorg på Luranetunet, Aud Winsents, fortel at tilbodet har blitt godt motteke.

- Til vanleg skjer det lite kulturelt etter klokka 18.00 på Luranetunet. Dette er eit flott kveldstilbod, og det er fantastisk at vi kan få ei slik framsyning her hos oss, seier ho og legg til:

- Nokre sit på romma med besøk av vener, andre sit i fellestova. Det er sosialt, og på mange måtar som faktisk å vera i sjølve salen.

Nettkrøll

Det blei på førehand uttrykt spenning til om teknologien kom til å fungera. Det gjekk stort sett greitt, men biletet fraus på buavdelinga ved to høve.

- Det har nok noko å gjera med nettfarten, men det er ikkje eit stort problem. Det kan vi fiksa til neste gong, seier Winsents og smiler.