Kåsøren Jimmy Næs, sambygding av Ingvar Moe og på mange måtar ein arvtakar av han, valde å presentera Moe gjennom framføring av songar og dikt. Men kanskje var det nettopp gjennom desse at vi fekk eit innblikk i kva menneske Ingvar Moe var, og ikkje minst kva han sto for.
Kåsøren Jimmy Næs, sambygding av Ingvar Moe og på mange måtar ein arvtakar av han, valde å presentera Moe gjennom framføring av songar og dikt. Men kanskje var det nettopp gjennom desse at vi fekk eit innblikk i kva menneske Ingvar Moe var, og ikkje minst kva han sto for.

Os senioruniversitet: Ingvar Moe – ein fargerik forfattar og trubadur

Rundt 215 studentar ved senioruniversitetet– som møteleiaren kalla dei - var samla i Oseana for å høyra om forfattaren, kåsøren og trubaduren Ingvar Moe. Dei fekk ikkje høyra så mykje OM han som AV han!

Kåsøren Jimmy Næs, sambygding av Moe og på mange måtar ein arvtakar av han, valde å presentera Moe gjennom framføring av songar og dikt. Men kanskje var det nettopp gjennom desse at vi fekk eit innblikk i kva menneske Ingvar Moe var, og ikkje minst kva han sto for.

Slåst om deigen eller drammen

Ingvar Moe vaks opp i Etne, ei lita sunnhordlandsbygd, som einaste born i familien. Mora stelde heime, og faren var bakar. Men han hadde og ei trong til flaska. Sonen uttrykte det slik då han vart vaksen; far slåst med seg sjølv om deigen eller drammen. I eit dikt skildrar Ingvar seg sjølv som den redde guten som i utrygge situasjonar kraup under den store båten. Det kjem tydeleg fram at han og som vaksen kunne ha ønskt seg den tryggleiken som å krypa under båten kunne gje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dikta kan og fortelja om ein prestasjonsangst – uttrykt som ein 14-åring si oppleving rundt juletrefest og spaning i møte med jenter. Og det aller første kysset.

Splitta i synet på heimbygda

Ingvar Moe skreiv om det nære og kjende; om livet i ei småbygd, om dagleglivet sine situasjonar, om sladder, om det å gjera seg sjølv viktig. Det var litt hat i det han skreiv, men mest kjærleik, og likesæle var absolutt heilt framand for han.

Bygdefolket i Etne var ikkje alltid like begeistra for det han skreiv ut frå opplevingar gjennom barndom og ungdom i bygda. Han vart meir verdsett på andre stader i landet. Sjølv følte han seg og splitta i synet på heimbygda; han hadde mykje kjærleik til heimstaden, men hadde og i seg eit opprør mot sladder og trongsyn som han meinte å ha opplevd der. I «Dei som hadde noko med det» kan vi på mange måtar finna at han tek eit oppgjer med trongen til å hevda seg sjølv framfor dei andre i bygdesamfunnet.

Moe måtte vekk frå bygda der han vaks opp. I diktet «På flukt» fortel han om flyktningar sine problem, og skildrar det såre i å måtta dra frå alt det kjende og korleis lengsla kan vera der heile dagen. Men kan henda er det like mykje sine eigne opplevingar av å ha reist bort og sakn av det heimlege som han skildrar?

Overklassetenking i Haugesund

I «Flyttedikt» kjem det såre ved å flytta, tydeleg fram; kva kan ein pakka ned og ta med, og kven skal mata spurven når eg dreg? Han skreiv og trøystande dikt, og ein kan undrast er det lesaren/tilhøyraren eller seg sjølv han vil trøysta?

Humoren skein gjennom både når han kåserte og når han skreiv. Og vi får mykje kunnskap om det tidstypiske i tida han skriv frå. Til ein revy i Etne skreiv han ei livleg skildring av Skuletur til Haraldstøtto der det ikkje er vanskeleg kjenna att ei tid der utflukt til næraste by med kafévitjing med bollar og brus var ein gjæv tur å sjå fram til for skuleungdommen, trass i at dårlege vegar og mykje svingar baud på kvalme og oppkast.

I same diktet får han og fram kjennskap til overklassetenking i Haugesund med møblerte heimar med piano og dameselskap med tynne tekoppar. Han skildra og tilhøvet mellom jenter og gutar i Etne på 1950-talet, der det for jentene var så viktig å ha beine strømpesaumar at måten deira å gå på, vart prega av dette. Men når jenter frå Haugesund kom til bygda om sommaren for å plukka jordbær, så var dei både strømpelause og lettare å koma nær innpå for gutane.

Køyrde seg sjølv hardt

Ingvar Moe flytta austpå og budde der lenge. Han kunne sjølvsagt ikkje lata vera å samanlikna aust- og vestlending, og då særleg reflektera over Vestlandet i meg der koden seier at ein aldri skal gje uttrykk for kva ein føler, aldri meina noko åleine, snakka andre etter munnen og stryka dei etter håra – til dei snur ryggen til, DÅ kan ein legga ut om dei!

Artikkelen held fram under annonsen.

Og i kåseri synte han korleis dialekt kan skapa mistydingar mellom aust- og vestlendingar og at det er eitt austlendingen aldri kan forstå, det at einaste galskapen her vest heiter VÅR!

Trubaduren, diktaren, kåsøren køyrde seg sjølv hardt – han arbeidde og som lærar i over 20 år – og fekk eit hjarteinfarkt i 1987. Denne opplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på han. Han opplevde syner som gjorde at han helst ikkje ville attende til livet. Men etter å ha vakna til liv att, roa han seg og vart ekstra glad over å leva. I diktet «Perspektiv» rår han lesaren til å ta vare på augneblinken og ikkje rota bort dei draumane ein ber på.

Kåsøren Jimmy Næs presenterte Ingvar Moe gjennom song med små historier i mellom. Han gjorde det på ein måte som gav tilhøyrarane ei oppleving av eit møte med personen han fortalde om – Etne-trubaduren Ingvar Moe.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet

jostein@osogfusa.no