Etter helga kan Os skulekorps titulera seg som Noregs 5. beste skulekorps for janitsjar.
Etter helga kan Os skulekorps titulera seg som Noregs 5. beste skulekorps for janitsjar.

Os skulekorps er 5. best i landet

Os skulekorps stod for ei bragd i helga.

Laurdag var skulekorpset på Landsfestivalen og samspel med dei 260 andre korpsa på Jubileumsklang i Bergen sentrum og Tatoo på Fana stadion. Og ikkje minst stod dei for ei bragd i Os skulekorps si NM-historie.

Etter helga kan korpset nemleg titulera seg som Noregs 5. beste skulekorps for janitsjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korpset har hatt ei fantastisk musikalsk utvikling dei siste åra. Med vår heilt unike dirigent og musikalske leiar, Marius Fevang Thorstensen, i spissen, har musikantar, korpsleiarar, styremedlemer og heile foreldrelaget blitt smitta av speleglede, entusiasme og tru på at vi får til det vi vil, skriv korpset på sine facebooksider.

Korpset tek no ein velfortent sommarferie og kan sjå tilbake på ein super sesong med mange høgdepunkt og flotte opplevingar.

- Tusen takk til alle spelelærarar og instruktørar. Berit Hella Lindberg gjer ein super innsats med aspirant- og juniorkorpsa våre! God sommar!, heiter det i helsinga på Facebook.

Korpset har hatt ei fantastisk musikalsk utvikling dei siste åra. Mykje av æra gjev dei til dirigent og musikalsk leiar, Marius Fevang Thorstensen.
Korpset har hatt ei fantastisk musikalsk utvikling dei siste åra. Mykje av æra gjev dei til dirigent og musikalsk leiar, Marius Fevang Thorstensen.

jostein@osogfusa.no