Sivert Høyem blir for sørste gong å sjå i Oseana denne hausten.
Sivert Høyem blir for sørste gong å sjå i Oseana denne hausten.

Oseana-hausten byr på noko for ein kvar

Sivert Høyem, Nøtteknekkeren og breakande norrøne gudar, er berre litt av det Oseana har å by på i sitt varierte program for hausten.

- Sivert Høyem er ein av norges topp tre mannlege artistar per i dag, som det verkeleg blir kjekt å få oppleva på Oseana-scenen, seier arrangements- og marknadskoordinator ved Oseana, Janne Mari Hjelle.

Ho lovar storkonsert. Noko ala Aurora, med flatt golv og ein grense på 1.000 publikummarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han er ein veldig solid live-artist og turnerer mykje. Speler på mange festivalar og store scener her til lands.

I januar i år slapp Høyet sitt siste album, «Lioness», til gode kritikkar, og vart mellom anna samanlikna med verdstjerna Nick Cave med bandet The Bad Seeds.

Han har vore kjent som mørk og dyster i musikkstilen, men siste plata er lysare enn hans tidlegare produksjoner.

Nøtteknekkeren er fast juletradisjon for mange i Bergens-området, i år kjem framsyninga også til Os. (Pressefoto)
Nøtteknekkeren er fast juletradisjon for mange i Bergens-området, i år kjem framsyninga også til Os. (Pressefoto)
Doddo og Sjur er eit av humortilboda på Oseana i haust. (Pressefoto)
Doddo og Sjur er eit av humortilboda på Oseana i haust. (Pressefoto)
NORR er Absence Crew si framsyning der norrøne gudar og break dans går hand i hand. (Pressefoto)
NORR er Absence Crew si framsyning der norrøne gudar og break dans går hand i hand. (Pressefoto)

Så, kanskje kan han bidra til å lysa opp haustmørkret for osingane som finn vegen til konserten hans fredag 11. november.

Inger Sitter-utstilling

Høyem-konserten er langt frå den einaste godbiten i haustprogrammet, som famnar alt frå trekkspelkonsert og kammermusikk til eit variert program for born og unge.

- Vi prøver alltid å setja saman eit program med noko for alle, seier Hjelle.

Dei vidarefører også fleire faste arrangement som har vist seg å vera ein suksess tidlegare, som jazzkafe, arrangert av Os Jazz, senioruniversitetet og lesestund for born med graut.

Inger Sitter-utstilling, er eit av dei andre høgdepunkta i haustprogrammet som vert lansert i dag. Utstillinga med verk av nyleg avdøde Sitter står no i Tønsberg og kjem rett til Os etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sitter er ein av dei store norske kunstnarane. Dette blir nok veldig flott og er hovudutstillinga denne sesongen, seier Hjelle.

3 X Riksteatret

Riksteateret kjem tre gongar denne hausten. «Fortrolige samtaler» er regissert av Liv Ullmann.

Dette er ein samproduksjon mellom riksteateret og Nationaltheatret, som hadde premiere i januar.

- Dei kjem med eit stjernelag av skodespelarar, med mellom andre Bjørn Skagestad, Kari Simonsen, Liv Bernhoft Osa og Anneke von der Lippe på plakaten.

Framsyninga var med i vårprogrammet som eit drypp for hausten, og har allereie seld godt i følgje Hjelle.

- Her må folk vera om seg, om dei skal få billett, seier ho.

Seinare kjem dei med «Min Kamp».

Stykket er skrive for svensk scene og oversett til norsk. Det skal ha gått for fulle hus i Sverige, og vart direkteoverført til svensk fjernsyn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den tredje framsyninga frå Riksteatret i haust (men først ut med å bli vist, 31. august) er Absence Crew si barne og ungdomsframsyning NORR. Denne er bygd på norrøn mytologi, og hadde premiere på DNS.

- EG har tru på at dette slår an i dansebygda Os, seier Hjelle.

For dei minste

Laurdag 1. oktober blir det teater for dei minste, men framsyninga «PØH!»

- Stykket handlar om ei dame med ein seriøs og vaksen jobb, som finn ut ho heller vil leika, tulla og synga.

Det blir fargerike kostymar, song og leik, for dei frå to år og oppover.

Rett før jul kjem også Bergen kulturskule med «Nøtteknekkeren».

Denne ballettsframsyninga går kvart år i Grieghallen, og er blitt ein juletradisjon for mange bergensarar. For første gong kjem dei også Os, med to framsyningar.

Os kulturskule bidreg også til julestemning med to framsyningar av det som er siste kapittel om Fjøsnissen Borg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No kjem Borg heim. Denne framsyninga involverer nesten alt som kan krypa og gå i Os kulturskule, seier Hjelle.

Frå Barne-TV

Villmarksbarna er kjende frå Barne-TV og er iniviterte til Oseana av Os Turlag.

- Dette blir nok eit fint og annleis arrangement, med foredrag, biletframsyning og høve til å møta dei etterpå, fortel Hjelle.

Fargespel har vore i Oseana to gongar før. I år kjem dei tilbake med si ny framsyning, saman med dne bergenske rockegruppa Real Ones.

- To etablerte institusjonar har slått seg saman og utvidar kvarandre sine univers gjennom denne framsyninga, sier Hjelle.

Vennebyen er kjend for dei fleste med born og treng ikkje vidare introduksjon. Dei kjem med framsyninga «Jumpis bursdag» for dei frå tre år. Her blir det veldig mykje forviklingar.

Konserthausten

På programmet står også eit vidt spekter av konsertar.

Sesongen opnar med Oseana Kammerfest, som er ein tredagars festival med konsertar av artistar av internajsonal kvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I oktober kjem Bergen Nasjonale opera med «Dama til Mozart», ein timeslang introduksjon til opera, som tek utgangs punkt i historia om Mozart si kone.

Klassisk musikk blir det også, med Vertavokvartetten.

- Det er fire flinke damer, med eit kjent namn, seier Hjelle.

Trekkspelshow blir det også i haust, med Sigmund Dehli og Gunnar GP Pedersen.

- Dette blir stas for trekkspelentusiastane. Dei speler konsert først, så blir det dans etterpå, seier Hjelle.

Ho reknar med julekonserten med Øyvind Blunch, Elisabeth "Bettan" Andreassen, Tor Endresen og Anne Sofie Endresen blir populær, slik alle julekonserar brukar vera.

To rustne herrer med Jonas Fjeld og Ole Paus i november, ser ho også fram til.

Os skulekorps , Os Vocalis og Os kammerkor er av dei lokale konsertinnslaga. Sistnemnde feirar 40 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Humor og filmfestival

Oseana satsar også sterkt på humor i haust. På programmet står Bjarte Hjelmeland som nesten har seld ut to hus allereie.

I tillegg kjem Roar Brekke med framsyninga «All verdas tid» - som handlar om tid.

Doddo, som for mange er kjent for Brann bloggen i BT er også ein del av humortilbodet.

Han kjem med framsyninga si «Se livet passerre i revy», regissert av kona og humoristen Kristina Hope.

Her har han teke utgangspunkt i hitsoriar frå sitt eige liv, og har med seg Sjur Hjeltnes som sidekick på piano.

- Eg har sett det - dei utfyller kvarandre veldig fint på scena. Her får publikum eit stort kinderegg, fylt med kåseri, cabaret og konsert i eitt, seier Hjelle.

Heilt oppunder jul kjem så Raske menn med «90 min på 80 min».

BIFF - Bergen internasjonaleFilmfestival skal også ha visningar på Os i år. Deira programmet er ikkje klart, men det blir både framvisning på dagtid for skuleelevar og ordinære med vanleg billettsal på kvelden.

- Fargespel kjem søndag 30. oktober, ikkje laurdag som oppgitt.