Lokal artist: I løpet av dei neste vekene vil mellom anna Jan Eggum og Halvdan Sivertsen, Eva Weel Skram og Aurora Aksnes bli streama til institusjonar. Også to tidlegare teaterframsyningar frå Riksteatret vil bli vist.

Oseana med ekstra streaming til isolerte på institusjonar

OseanaLive set opp reprisar av konsertar og teaterframsyningar til helseinstitusjonar i heile landet.

- OseanaLive har streama konsertar og teaterframsyningar ei god stund no, og det betyr at vi har eit sett med arrangement som vi kan senda i reprise, seier nytilsett i Oseana og koordinator for prosjektet, Taija Korhonen.

Oseana skriv i pressemelding at menneske busett på institusjonar i ei tid med bekymring, sjukdomsfrykt og sosial isolasjon, kan oppleva kvardagen ekstra vanskeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av dei neste vekene vil mellom anna Jan Eggum og Halvdan Sivertsen, Eva Weel Skram og Aurora Aksnes bli streama til institusjonar. Også to tidlegare teaterframsyningar frå Riksteatret vil bli vist.

- Vi er utruleg takknemleg for det gode samarbeidet vi har med desse artistane og med Riksteatret. Takk vere deira velvilje kan vi no gleda mange med gode kulturelle opplevingar, og bidra til å løfta blikket i den turbulente tida vi no er inne i, seier Korhonen.

OseanaLive er eit streamingprosjekt Oseana har i samarbeid med Kavlifondet og artistar og utøvarar. Det er ein lukka straum til institusjonar kor det bur menneske som elles ikkje har høve til å oppleva kunst- og konsertopplevingar i konsertsalen. Reprisane som blir sende no framover, er eit ekstra tiltak utanom det faste programmet.

OVERSIKT OVER KONSERTAR OSEANA VIL STREAMA I REPRISE:

Torsdag 26 mars kl. 10-16.00: Lindesnes trekkspillklubb/opptak februar 2020

Torsdag 2. april kl. 11.00: Jan Eggum/Halvdan Sivertsen med forestillingen «VI TO (er ikke Romeo og Julius)»/opptak vår 2019

Torsdag 9. april kl. 16.00: Eva Weel Skram /opptak høst 2019

Torsdag 16. april kl. 16.00: Aurora/opptak høst 2019

Artikkelen held fram under annonsen.

OVERSIKT OVER TEATERFRAMSYNINGAR OSEANA VIL STREAMA (RIKSTEATERET):

Tysdag 7. april kl.11.00: Fortrolige samtaler, regi Liv Ullmann/opptak høst 2016

Tysdag 14. april kl. 11: Heia Flåklypa/opptak høst 2016