Berit Steen, Ole Tobias Lindeberg og Janne Mari Hjelle ser fram til vårprogram-lanseringa laurdag.
Berit Steen, Ole Tobias Lindeberg og Janne Mari Hjelle ser fram til vårprogram-lanseringa laurdag.

Oseana satsar lokalt

I dag slepp Oseana vårprogrammet. Der er det mange kjende namn både lokalt og nasjonalt.

Til kvar programlansering jobbar Oseana med å få på plass ein "storfisk", som dei kallar det. På vårprogrammet er det Sondre Lerche.

- Vi ønskjer alltid ein storfisk til ein såkalla flatt-golv-konsert. Lerche opnar vårprogrammet i Oseana, samstundes som det er starten på noregsturneen hans, seier arrangementsjef Berit Steen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lerche-konserten er noko arrangement- og marknadskoordinator, Janne Mari Hjelle, ser ekstra fram til. For Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg, er Halvdan Sivertsen eitt av høgdepunkta.

- Eg håpar at han syng ti tusen tommeltotta, seier han og smiler.

Mykje frå Os

Lokalpressa var inviterte til Oseana for å få ein sniktitt på programmet torsdag. Alt før vi opna programmet ville dei kommentera utsjånaden.

Utanom å trekkja fram namn i programmet, ville Oseana-leiinga framheva det flotte grøne programmet.
Utanom å trekkja fram namn i programmet, ville Oseana-leiinga framheva det flotte grøne programmet.

- Sjå kor flott. Grøn! Denne fargen har vi ikkje brukt før. Vi har eit fint samarbeid med grafisk designar Ole Storesund. Han leverer alltid, seier Steen.

På programmet er det mykje lokalt, meir enn dei har hatt tidlegare.

- Det er fleire innslag frå kulturskulen. Os ungdomsskule kjem med musikalen «Grease», og Hans Marius Johnsen skal ha plateslepp. I tillegg er det ny musikk frå Gullkysten, opplegget for unge musikarar som Glenn Erik Haugland står bak. TAUS kjem med osing Kristine Bjånes i spissen, og så har vi nysatsinga U-Fest 2017 med fleire band frå Os og omegn.

Hektisk å få brikkene på plass

Det kan vera krevjande å setja saman eit program, medgjev Steen.

- Det krev si kvinne, mann eller gjeng, for å seia det slik. Det er hektisk å få dei siste brikkene på plass, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har ein strategisk plan som vi jobbar etter. Vi skal nå breitt, og etter kvart som vi set saman programmet må vi fylla hola. Eg vil tru at alle kan kjenna seg att i rammene i programmet, utdjupar Lindeberg.

Steen, Hjelle og Lindeberg er uansett svært nøgde med programmet, og trekkjer fram mellom anna Bajazz, Tilslørte bondepiker, Bergen Kulturskules kunstutstilling, Christine Sandtorv, Latter Live, U-Fest og mange lokale innslag.

Det er ikkje alltid at ein får tak i dei artistane ein vil når ein jobbar med programmet.

- Artistar, komikarar og band har sine syklusar. Dei har periodar der dei turnerer, skriv og spelar inn nytt materiale. Difor får vi ikkje alltid dei vi ønskjer oss til Oseana. Då ber vi dei hugsa oss til neste gong dei skal ut på turné, seier Steen.

Høgtlesing av roman

7. februar kjem Riksteatret med sin teaterversjon av den svenske suksessromanen «En mann ved navn Ove». Tre dagar før har Oseana arrangert lesestund i Griegsamlinga.

- Der skal heile romanen lesast høgt, seier Hjelle og held fram:

- Der kan alle som vil koma og lesa eit utdrag av boka. Vi har ikkje sett noko krav til dei som skal lesa, men dei må ta kontakt med oss på førehand.

- Kor lang tid vil det ta å lesa gjennom romanen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Lydboka varer i overkant av ti timer. Det kjem heilt an på kor raskt eller seint ein les, seier Hjelle.

Lansering laurdag

Det er framleis ein månad att av året, og det skjer mykje i Oseana også før årsskiftet.

- Jazzkafé, Julestemnning på et Blunck, Raske Menn og Nøtteknekkeren står for tur. Vi ser fram til ein flott årsslutt, seier Lindeberg.

Laurdag skal Oseana presentera det heile og fulle vårprogrammet for publikum i foajeen. Der byr dei på julegraut og peparkaker. Billettsalet startar samstundes med lanseringa, og artistar frå vårprogrammet stiller med musikalske smakebitar.

- Det vil koma nokre overraskingar på laurdag. Dei som kjem får sjå, seier Hjelle.

Heile programmet kan du sjå på nettsida til kulturhuset, eller på lanseringa laurdag.