Bystranda Bergen: N/A

Osfest flyttar til Bergen og blir Bystrandfestivalen

Osfest flyttar til Bergen og lagar ny festival 14. og 15. august.

– Osfest er på pause inntil vidare grunna endringar (bygging av parkeringshus) på festivalområdet som er nytta sidan første Osfest i 2014, skriv Tor Egil Hylland i ei pressemelding.

Osfest har arrangert seks festivalar på grusplassen i Os sentrum. Namnet på den nye festivalen i Bergen er Bystrandfestivalen. Staden er Kong Christian Fredriks Plass. Arrangør er Os Live AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Området ligg på Marineholmen like ved Nygårdsparken. Det blir sett opp eigen bar og ein matmarknad på området som omfattar gjestehamn og sandstrand. Programmet vil vera konsertar fredag ettermiddag og kveld. Laurdag blir det dagsprogram for familiar og born med konsertar, opplyser Hylland.

To band er så lang bekrefta. Desse er Postgirobygget og Kakkmaddafakka.

To band er klare: To bander så lang bekrefta. Desse er Postgirobygget og Kakkmaddafakka.
To band er klare: To bander så lang bekrefta. Desse er Postgirobygget og Kakkmaddafakka.