Prisvinnar Erik Vangsnes fekk overrekt eit kunstverk av Anja Tveiterås frå ordførar Atle Kvåle.
Prisvinnar Erik Vangsnes fekk overrekt eit kunstverk av Anja Tveiterås frå ordførar Atle Kvåle.

Overraska prisvinnar

Han ante det nok, men visste ingenting. I går vart kulturleiar Erik Vangsnes tildelt Fusas kommunes kulturpris.

- Dette var ikkje ein velfortent pris, det var mykje meir enn det, sa ordførar Atle Kvåle då han overrekte Fusa kommunes kulturpris for 2016 til kulturleiar Erik Vangsnes.

Det heile skjedde passande nok framfor ein fullsett sal under søndagens støttekonsert for Syria i Eikelandsfjorden samfunnshus.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg visste at namnet mitt hadde hamna på forslagslista, så eg måtte tidleg erklæra meg inhabil, sa ein strålande blid Vangsnes i kaffipausen etterpå.

Kulturleiaren kjenner seg både beæra og glad for å ha fått prisen som i år bestod av av ein plakett og eit kunstverk av Anja Tveiterås.

- Eg lyt prøva å finna ein fin plass og henga biletet, smilte han.

Stor innsats

Ordføraren delte ut prisen på vegner av kommunen og Kulturprisnemnda, og viste til Vangsnes' lange fartstid innan eit vidtfemnande kommunalt kulturarbeid.

- Både aktivitet og innsats strekkjer seg langt utover det som vil vera eit ordinært arbeidstilhøve, sa han og nemnde konkret det store engasjementet for kultur og idrett i Fusa.

- I tillegg har han vist velvilje til å hjelpa med å bidra til aktivitet og utvikling på kulturområdet, sa ordføraren som også var innom kulturleiarens innsats for flyktningar i Fusa.

- Med utgangspunkt i kommunal organisering og tilretteleggjing, har han på fritida også engasjert seg med å integrera og introdusera flyktningar i kommunen for norsk kultur og samfunn.

Fusa kommunes kulturpris er delt ut med "ujamne" mellomrom sidan 1986.