Dei siste åra har Vebjørn Sand arrangert fleire målarkurs for born, men aldri har så mange møtt opp som i Os.

Overvelda over oppmøte

Kunstnar Vebjørn Sand blei overraska over talet born som ønskte å ta del i målarkurset i Oseana laurdag.

Dei siste åra har Vebjørn Sand reist rundt i Noreg saman med tvillingbroren Aune, og vist fram kunstverk frå heile karrieren. For to veker sidan kom utstillinga til Os, og Oseana har hatt utvida opningstid slik at flest mogleg skulle få høve til å få med seg den store pop up-utstillinga. Aune har vore i Os i to veker. Kunstnaren sjølv kom først torsdag. Fredag vitja tvillingbrørne Luranetunet, og Vebjørn heldt målarkurs for dei eldre. Laurdag var det bornas tur til å læra av den store norske kunstnaren. Born med foreldre møtte opp i hopetal.

– Eit lynraskt lynkurs?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det må bli slik. Berre sjå på alle som ventar. Eg må berre køyra gjennom, sa Vebjørn etter at han var ferdig med målarkurs for den første gruppa.

– Hadde du trudd at så mange skulle møta opp i dag?

– Nei. Dette hadde eg aldri sett føre meg. Eg er overraska. Det er minst fire gonger fleire born her enn eg trudde det ville koma. Det har aldri vore så mange på målarkurs når vi har reist rundt, seier kunstnaren.

Det gjekk unna på målarkurset, men forhåpentlegvis festa det seg nokre tips i minne til dei unge kunstnarane.

Køen var lang før dei fekk rigga eit større kursrom.

Målarkurs for born i regi av Vebjørn Sand i Oseana.

Siste sjanse i morgon

Løysingsorienterte tilsette og hjelparar gjorde at ventetida skulle bli kortare enn det såg ut til. Eit større rom blei gjort klart i rekordfart slik at alle skulle få ta del i målarkurset.

– Då eg var liten, var det nokre vaksne som snakka til meg som om eg var eit born. Det var også nokon som snakka til meg som om eg var vaksen. Det likte eg best. Det kjem eg til å gjera i dag. Eg håpar ikkje de synest at eg er for streng, seier Vebjørn og legg til:

– Om det framleis ikkje er nokon som har fått plass kring borda, så kjem eg til å ta ei gruppe til etter dette. Alle skal få prøva seg.

Om ein ikkje har fått med seg Vebjørns utstilling, er siste sjanse i morgon søndag.