Laurdag skal Os musikkforening på miniturné i Os. Biletet er frå 8. mai-markeringa tidlegare i år.
Laurdag skal Os musikkforening på miniturné i Os. Biletet er frå 8. mai-markeringa tidlegare i år.

På turné i heimbygda

Laurdag legg Os musikkforening ut på ein miniturné i heimbygda. Lyngheim og Moldegård er nokre av stoppestadane.

- Turneen er like mykje ein tur. Ein gåtur. Til fots, opplyser Os musikkforening i ei pressemelding.

Med seg har dei sjølvsagt instrumenta. Vona er at publikum også vil slå følgje langs ruta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første stoppestad på turneen er Lyngheim. Her kan publikum nyta nokre musikalske perler før korpset ruslar vidare mot Moldegård.

- Vi får forhåpentlegvis nokre følgjesvener på slep. På Moldegård vert det meir musikalsk påfyll i flotte omgjevnader, heiter det i pressemeldinga.

For dei som ikkje har høve til å delta på musikkturen på Os laurdag, går turen vidare tysdag i neste veke. Då skal Os musikkforening gå tur i lag med turboklubben i Lysefjorden.

- Tysdag vert det musikk i skogen, opplyser korpset.